Vinnarteikninga – eller teikningane – vil bli malt på ein vegg i ungdomsrommet, fortel Ingunn Storstein i UngSveio i ein e-post til Vestavind.
Fristen til å levera inn teikningar er 16. februar. Bidraga kan leverast til ungdomskoordinator Flemming Lothe, som administrerer konkurransen.
For ungdommar
– Det er ikkje sett noko aldersgrense for kven som kan delta, men det er ein konkurranse for ungdom, seier Lothe.
Det er heller ikkje lagt føringar for motiv på teikningane. Lothe er spent på både responsen og kva deltakarane vil koma opp med. Han reknar med at fleire av teikningane vil bli brukte, og håpar det blir midlar til å premiera vinnarane i tillegg til den æra det vil vera å få teikninga si på veggen.
Eigentleg var meininga å lysa ut teiknekonkurransen før jul, men då let det seg ikkje gjera, forklarar Lothe.
Ungdomsjury
Det er eit dommarpanel med ungdommar frå UngSveio som skal vurdera teikningane som kjem inn og kåra vinnaren eller vinnarane.
– Det er greit å overlata dette til ungdommane sjølve, seier Lothe.
Klubben har frå starten lagt stor vekt på ungdomsmedverknad. Dette har også blitt lagt merke til. I 2021 deltok UngSveio i ein landsomfattane konkurranse arrangert av Ungdom og Fritid. Under finalsen i kategorien Årets ungdomsmedverkarar kom sveibuane på andreplass.