lesarbidrag

Feira med damekveld

Å fylla 70 år må markerast. Bua kvinne- og familielag fylte 70 år i 2024. Då blei laget feira med medlemstur til Austevoll! Ein flott dag, det. Men me hadde lyst å feira meir!

Difor inviterte laget alle damer i Bua-bygda til ein kosekveld i skulehuset torsdag 23. januar. Responsen var enorm. Truleg var val av årstid god på den måten at lite skjer rett etter jul. Valet var dårleg når ein tenkjer på at det er influensa- og forkjølelses-tid. Mange av dei påmelde måtte melda avbod.

Likevel kunne i underkant av 60 Bua-jenter i alderen eit halvt til godt over 80 år møtast til ein festpynta gymsal denne litt hustrige januarkvelden. Presis klokka 19 var alle komne, og dei blei ønskte velkommen av Ingebjørg og i komiteen.

Haldri Karin Engenes frå Bømlo fekk så ordet. Ho har hatt verv på alle nivå i Norges kvinne- og familieforbund. Ho snakka varmt om det arbeidet som blir drive i laga, og kor viktig eit slikt lag er for ei bygd. Ei bygd som har eit kvinne- og familielag, er ei rik bygd!

Varm kyllingsuppe og brød blei servert før Anne Marith Sandhåland – ei av Karmøy sine revystjerner – steig inn i salen. Ho fekk fram smil og latter hos alle frammøtte gjennom to sketsjar og ein sjølvlaga song om å vera hønemor. Fantastisk flink!

Utlodding, nydelege kaker, songar og quiz var også ein del av programmet. Me som har vore i komiteen, sat igjen med ei kjensle av at kvelden hadde vore fin og eit positivt minne å ta med vidare.

Solveig Hovda, Ingebjørg E. Haga og Astrid Hovda

Powered by Labrador CMS