Marthe Hammer, førstekandidaten til SV i Hordaland, nytta mellom anna besøket i Sveio til å sjå med eigne auge konsekvensane av ein ny E39. Foto: Privat
Marthe Hammer, førstekandidaten til SV i Hordaland, nytta mellom anna besøket i Sveio til å sjå med eigne auge konsekvensane av ein ny E39. Foto: Privat FOTO: Privat

E39-planane er ikkje til det beste for Sveio

I samanheng med Sveio SV sitt årsmøte hadde me i førre veke besøk av den nye førstekandidaten til SV i Hordaland, Marthe Hammer. Ho kom for å gjere seg betre kjend med Sveio og sjå konsekvensane av ny E39-trase med eigne auge.

 

Kommunestyrerepresentant Olav Østebø Olsen var med som kjentmann.

På reisa gjennom kommunen fekk Hammer sjå kor Statens vegvesen vil byggje firefelts motorveg, kva konsekvensar dette vil få for kommunen og tettstadene, friluftslivet og naturen som vert råka. I Førde viser konsekvensane best, der motorvegen vil rasere store deler av bygda, landbruksjorda og vere eit gigantisk sår i landskapet.

Enorme sår i landskapet

– Sist Frp og H var i regjering vart standarden for all ny europaveg 110 km/t. Eg trur folk byrjar ta innover seg kor mykje natur og areal som må gå med på slike gigantiske anlegg, seier Hammer.

Den som har køyrt E39 mellom Mandal og Kristiansand veit korleis naturtap ser ut, og kva enorme sår i landskapet det medfører. 3 millionar kvadratmeter natur har gått tapt i prosjektet (NRK).

– For Sveio SV er det viktig å vise den nye førstekandidaten vår konsekvensane av den enorme feilprioriteringa ein risikerer å gjere, og kva konsekvensar det vil få for kommunen vår. Sveio har mykje fylkesveg som sårt treng nokre flekker asfalt – då blir det paradoksalt å «få» ein motorveg som er meir til skade enn til gagn, seier Olsen.

Naturavtalen må følgjast opp med handling

I 2023 signerte regjeringa Naturavtalen som seier at ein skal verne 30 prosent og restaurere 30 prosent natur. FNs Naturpanel var allereie i 2019 tydeleg på at tap av natur og naturmangfald representerer ein like stor trugsel for vår felles framtid som klimaaendringar.

– Då er det merkeleg at Statens vegvesen held fram med å planlegge gigantiske firefelts motorvegprosjekt som før, seier Hammer.

Eit lyspunkt kunne me ta med oss frå turen – planane om ny Bømlafjordtunnel er stansa. Hammer har sjølv handsama denne saka i utval for samferdsle i fylkestinget i haust, og er glad for at regjeringa har stansa vidare arbeid med ny tunnel (samt Hordfast).

– Dette er ikkje ei nedprioritering av Vestlandet, men ei prioritering som tar innover seg kva regionen har størst behov for i dag. Viss Hordfast vert prioritert, vil det gå utover utbetringar som vil gjera det resterande vegnettet tryggare og meir framkomeleg.

Val av leiar

I tillegg til ein fyldig diskusjon om E39 og samferdslepolitikk hadde årsmøtet fokus på landbrukspolitikk, samt «praktiske gjeremål» som planar for det nye året og val av leiar.

Arild Høyland fekk ny tillit i denne rolla, medan resten av styret, Olav Østebø Olsen, Eli Neeraas Vihovde, Jorunn Mæland Ronæs og Kristina Våge Ballard, sit trygt eit år til.

Arild Høyland,
leiar, Sveio SV