nyhende

Ella S. Økland, samfunnsengasjert 5. klassing. Foto: Privat
Ella S. Økland, samfunnsengasjert 5. klassing.

– Eg er heldig som har ein flott skule her eg bur

I november i fjor kom Maria Selland med ideen om å få til «Barnas nyttårstale» i Sveio. Ordførar André Mundal Haukås tende på ideen, og fekk med seg redaktør Ellen Marie Hagevik i juryen.

Publisert Sist oppdatert

Invitasjon til å delta i «Barnas røyst» blei sendt ut til alle skulane i Sveio, men kanskje blei tidsfristen for kort? Sjølv med forlenga frist kom det inn berre to talar. Begge to så gode at dei fortener plass i Vestavind.

Me ikkje gir opp ved første forsøk. I år skal me vera tidlegare ute til hausten, med frist før jul. Kanskje kan dette vera eit skriveprosjekt i norsktimane?

Juryen håper mange fleire blir med i år. Dei beste kjem på trykk i Vestavind si papiravis, men alle vil bli publiserte på nettavisa.

Her er Ella S. Økland, 5. klasse Auklandshamn skule, sin tale:

Kjære alle i Sveio

Mitt namn er Ella S. Økland. Eg er 10 år. Eg bur i flotte Auklandshamn,og går i 5. klasse på Auklandshamn skule. Eg vil i denne teksten snakke litt om saker som er viktige for meg, mellom anna skulenedlegging og nedlegging av barnehagar, og fritidstilbod.

Nedlegging av skular og barnehagar

Eg er oppteken av at alle skal få gå på skule i nærområdet sitt. Og eg er heldig som har ein flott skule her eg bur. Ein skule eg gjerne vil at vi skal få behalde lenge. Veslesøstera mi måtte nettopp skifte barnehage. Ikkje fordi ho ville, men fordi barnehagen blei lagt ned.

Ho mista venene sine, kjende vaksne og eit flott inne- og uteområde. Eg syns det var trist at dette skjedde, og det var trist at veslesøstera mi blei lei seg. Eg håper aldri eg må byte skule fordi nokon avgjer at min skule skal leggjast ned.

Fritidstilbod

Eg er veldig glad for at eg har fritidstilbod her eg bur. Eg er heldig som har en pappa som engasjerer seg når han er heime på fri. Han jobbar på sjøen annakvar veke.

Når han er heime arrangerer han og AIL Allidrett/leik med idrett for alle barna som bur her. Både for dei i barnehage og heilt opp til 7. klasse. Eg håper dei vaksne syns det er like kjekt som barna slik at vi kan behalde Allidrett her hos oss.

Godt 2025 til alle!

Powered by Labrador CMS