nyhende

Maria Selland, samfunnsengasjert 7. klassing. Foto: Privat
Maria Selland, samfunnsengasjert 7. klassing.

Skulenedlegging i heile landet, det MÅ me snakke om!

I november i fjor kom Maria Selland med ideen om å få til «Barnas nyttårstale» i Sveio. Ordførar André Mundal Haukås tende på ideen, og fekk med seg redaktør Ellen Marie Hagevik i juryen.

Publisert Sist oppdatert

Invitasjon til å delta i «Barnas røyst» blei sendt ut til alle skulane i Sveio, men kanskje blei tidsfristen for kort? Sjølv med forlenga frist kom det inn berre to talar. Begge to så gode at dei fortener plass i Vestavind.

Me ikkje gir opp ved første forsøk. I år skal me vera tidlegare ute til hausten, med frist før jul. Kanskje kan dette vera eit skriveprosjekt i norsktimane?

Juryen håper mange fleire blir med i år. Dei beste kjem på trykk i Vestavind si papiravis, men alle vil bli publiserte på nettavisa.

Her er Maria Selland, 7. klasse Auklandshamn skule sin tale:

Skulenedlegging i heile landet, det MÅ me snakke om!

I løpet av året 2024 har det blitt lagt ned 32 skular. Dei mest sårbare skulane er dei aller minste, fordi dei har færre elevar og mindre ressursar. Når ein ikkje kjenner skulane godt, kan det virke enkelt å berre setje eit punktum for skulen og seie «no er det over».

Men det «berre» er ikkje berre, berre for folka som går der. Det er ein arbeidsplass, ein møteplass og ikkje minst ein plass der barn (og vaksne) kjenner på ein tryggleik, omsorg og eit samhald.

I dei største kommunane kan det vere lite moglegheit for å bli høyrd når politikarane tek valet om å leggje ned ein skule. Men når ein bur i ein liten kommune som Sveio, burde ein få høve til å bli høyrd.

2021 var for meg og min skule ein svært dramatisk år. Me stod ovanfor ei nedlegging av vårt anker, vår skule. Me ville kjempe for skulen vår, og brukte mange arenaer for det. Då saka kom opp, og nedlegging var nær realitet, så blei me høyrd. Og det er viktig at ein i ettertid set pris på at stemma vår faktisk vart lytta til.

Ytringsfridom

Ytringsfridom er retten til å kunne uttrykke tankar, meningar og idear utan frykt for å få konsekvensar. Og her i Noreg er me så heldige at me har denne retten, men veit alle kor grensa går?

Ytringsfridom har sine gode sider slik: Openheit for forandring, kreativitet, demokratisk deltaking og ein stor moglegheit for forbetring av samfunnet. Men stjernene skin ikkje utan mørke, og ytringsfridom har fleire negative sider, som hatefulle ytringar, spreiing av desinformasjon, brot på privatliv og  uventa konsekvensar som påverkar både enkeltpersonar og samfunnet.

Til slutt vil eg minne dykk om kor viktig det er å stå saman for det me trur på. Når skular vert lagt ned, er det ikkje berre bygningar som forsvinn, men også ein viktig møteplass for læring og fellesskap. Derfor må me bruka stemma vår for å beskytte desse verdiane.

 Ytringsfridom gir oss moglegheita for å uttrykke oss og bli høyrde. Lat oss bruke denne retten klokt, slik at me kan skape eit samfunn der alle kan føle seg trygge og verdsette.

Når vi no står i terskelen til eit nytt år, la oss ta med dei gode minna og sjå framover med optimisme. Måtte 2025 bli eit år fylt med glede, vennskap og nye eventyr for oss alle.

Godt nyttår og takk for meg!

Powered by Labrador CMS