meiningar

Berre SV og MDG, Olav Østebø Olsen (t.v.) og Kjartan Moe Hustvedt, stemte mot under saka om millionavslag for næringstomt på Ekrene. Foto: Morten Vågset Møller
Berre SV og MDG, Olav Østebø Olsen (t.v.) og Kjartan Moe Hustvedt, stemte mot under saka om millionavslag for næringstomt på Ekrene.

«Sveio kommune – open for business?»

Eit problem i norske kommunar er at nokre få, store aktørar kan få uforholdsmessig stor makt over politiske avgjerder, og små kommunar kan lett bli lite motstandsdyktige mot krav frå ressurssterke private føretak. Folkevalde blir usikre i møte med store ord ført i pennen av forretningsadvokatar på flott brevpapir.

Me såg desse problema i uskjønn foreining sist måndag, då Sveio kommune vedtok å tilby BJ Kran og Transport AS, eit av Birkeland AS sine nærståande føretak, ei utbetaling på 1.050.000 kroner. Berre SV og MDG stemte imot.

Ifølge sakspapira me har fått var kommunen juridisk sett ikkje forplikta til å betala ei krone. Så kvifor i alle dagar blei denne utbetalinga vedtatt i kommunestyret? Det var i alle fall ikkje fordi me manglar anna å bruka pengane på.

Ein kommune må bla opp for mykje viktig: den siste tida har me til dømes blitt nødt til å setja av pengar til ny luftkompressor til brannstasjonen og istandsetting av eit vass-skadd legekontor.

Kva kommunen får igjen for å betala ut ein million til eit kranbilselskap på Ekrene er desto mindre handgripeleg. Visstnok kan me «bevare et godt samarbeidsforhold» og unngå å «skade begge parters omdømme». Det er vanskeleg å forsvara at me skal prioritera dette over konkrete, praktiske og nyttige investeringar som kjem allmenta til gode.

Men altså – om me ikkje var juridisk forplikta, og me ikkje får noko igjen for pengane, var me ikkje likevel moralsk forplikta? Mon tru det. La oss først slå fast at det i seg sjølv ikkje er noko umoralsk ved å inngå avtalar som fordeler ansvar og risiko, slik som kommunen har gjort i dette tilfellet. Det er ein naturleg del av forretningsdrift, ikkje noko ein gjer av vond vilje. Me folkevalde har derimot eit moralsk ansvar for korleis me forvaltar fellesskapet sine midlar.

Avgjerda i saka er eit lokalt, om enn relativt lite, døme på ein større uting i samtida. Det private næringslivet finn stadig nye måtar å få det offentlege til å dekka sine tap på. Vinninga tar dei sjølvsagt sjølv, etter at skatten er betalt. Dette er ikkje moglegheiter privatpersonar får. Om ein står til høgre eller venstre i økonomiske spørsmål, bør ein kunna einast om at dette ikkje er ei sunn utvikling.

Det omdømmet me skal vera mest opptatt av er kommunen sitt omdømme overfor innbyggarane. Dei forventar alle, med god grunn, at pengane deira blir brukt til kommunen og folket sitt felles beste – ikkje for å subsidiere fortenesta til private, livskraftige verksemder.

Olav Østebø Olsen og Arild Høyland
Sveio SV

Powered by Labrador CMS