Styret i i pensjonistforbunde 2025. Foto: Privat
Styret i i pensjonistforbunde 2025. Foto: Privat

Aktivt år for Pensjonistforbundet Sveio

Tysdag 4. februar 2025 avvikla Pensjonistforbundet Sveio sitt årsmøte og medlemsmøte i daglegstova på Sveio omsorgssenter, med godt frammøte av medlemer.

Leiar Einar T. Halleland ønskte alle velkomen. Møtet starta med å syngja «Å leva det er å elska» før minnestund med lystenning og eit minutt stille for dei 7 medlemene som er gått bort i løpet av året. Stunda blei avslutta med «Den fyrste song eg høyra fekk»

Nestleiar Martin G. Haugland vart vald til å leia årsmøtet. Årsmelding for 2024 vart referert av Rakel Øyerhamn.

Det har vore avhalde tre styremøte som har behandla 18 saker, og åtte medlemsmøte med gjennomsnitt 70 personar. Det har også vore arrangert to bussturar. Einar T. Halleland og Martin G. Haugland var utsendingar til årsmøte i fylkeslaget i Bergen i mars. Årsmeldinga vart godkjent utan merknad.

Rekneskap for 2024 og budsjett for 2025 vart deretter gjennomgått av kasserar Martin G. Haugland, og godkjent utan merknader.

Val av styre og nemder

Valet vart leia av Egil Johan Lokna. Desse var på val: Astrid Sveen, Martin G. Haugland Ragnhild Sæverhagen og Øystein Eskevik, som alle tok attval.

Martin G. Haugland vart vald til kasserar av årsmøte. Leiar Einar T. Halleland, Eva Førde og Rakel Øyerhamn var ikkje på val. Varamedlemer er Lars Vierdal, attval, og Henny Grimstvedt Brugger, ny. Ny revisor er Torgeir Aarrestad.

Utsendingar til årsmøte i Pensjonistforbundet Hordaland 18. mars blir avgjort i styret.

Turnemd: Øystein Eskevik, leiar, Berit A. Eriksen og Ragnhild Sæverhagen.

Valnemnd for 2025 er Egil Johan Lokna, Helge Sveen og Reidar Frøvik.
Alle val vart godkjende ved akklamasjon.

Leiar Einar T. Halleland takka valnemda for godt utført jobb, og ynskte Henny Grimstvedt Brugger velkomen. Han takka styret for godt samarbeid siste året og for at alle tok attval. Takka til sist Olav Haugen for godt utført jobb som revisor.

Leiaren avslutta årsmøte med takk til alle frammøtte før alle song «Fager kveldsol smiler»

Referent Einar T. Halleland
Leiar