lesarbidrag
Sundagstur med Lions Sveio
Sundag den 9. mars skipa Lions Sveio turmarsj for store og små. Dette året hadde me vald tur frå Gullsjøhuset og ut til Kvitaneset på Bua. Ein tur på omlag 2 km tur/retur i lett turterreng.
Me var særs heldige med vêret, der sol og fin temperatur la ei fin ramme rundt turen. Det møtte opp 33 personar som gjennomførte turen. Det var ekstra kjekt at fleire familiar møtte opp, der dei også hadde dei yngste med seg.
Turen gjekk gjennom fint landskap ut til gravrøysa frå bronsealderen på Kvitaneset. I området ligg også ei fin sandstrand. Her ute har ein vidsyn ut mot Sletto, Bømlafjorden og Bømlo.
Det var ein liten kontingent ein betale for turen, og konkurranse med ulike spørsmål for dei minste. Det var ein kjekk aktivitet, der fantasien deira fekk godt spelerom.
Ute på Kvitaneset vart delt ut frukt og saft. Det vart trekt to gevinster, fruktkorg og tursekk med termos. Tursekken var det berre dei yngste kunne vinna. Gevinstane fall i smak, og særskilt tursekken.
Alt i alt ein fin sundagstur, der også vêrgudane var med oss. Me ser alt fram til neste år, der me vil planlegga tur i ein annan del i vår vakre kommune.
Lions Sveio
Dagfinn Fagerland Bjørge