Det var 27 stykker som møtte. Før årsmøte starta hadde me eit interessant foredrag om kvinnehelse – inkontinens med besøk av Vigdis Søreng som er uroterapeut ved Haugesund sjukehus. Som vanleg vartar helselaget opp med god mat, denne gongen ein god pastasalat.
Årsmøte starta med val av møteleiar. Inger Bente Nilsen vart vald. Ho gjekk igjennom årsmelding som syner nok eit aktivt år for laget. Helselaget har helsestrim kvar måndag, torsdagstreff i oddetalsveke, turgruppe kvar torsdag.
Samla inn 60.909 kroner
Laget er med på folkehelseveka med hjertemarsj og hopp for hjerte for skuleelevar. Sommarturen for lagets pensjonistar gjekk i fjor til Eljarvik. Laget er med som kyrkjevertar ved åpen kyrkje og hadde syng med oss treff på SOS. Helselaget samla inn kroner 60 909 (!) til fjorårets demensaksjon.
Hausten hadde laget lefsekurs og datakurs. Som eit tiltak etter datakurset starta ein opp med datatreff på Valestrand oppvekstsenter, anna kvar onsdag, der ein kan møtast og få hjelp til data, pc, mobil etc.. Laget har hatt også hatt adventsmøte og julemesse.
Medlemstal i 2024 er 103 medlemmar, som er ein auke på 5 stykk frå året før! Me vil i år ha fokus på å rekruttera enda fleire medlemmar.
Val
Styret har bestått av Inger Bente Nilsen, leiar, Elin Vandaskog, kasserar (tar ikkje attval), Olga Schmall, nestleiar, Torunn Frøkedal , opplysningsleiar (tar ikkje attval), Synnøve Strømøy, styremedlemmer: Bjørg Lise Høyland (tar ikkje attval) og Gunda Bjørgen, varamedlemmer: Gunnbjørg Tapaninen og Silje Beate Valen (tar ikkje attval).
Valkomiteen, som har bestått av Ruth Fosse Eidsvåg og Tove Valen Skaugerud, har fått inn Marta Haugsgjerd og Tove Glette Kallevik som nye styremedlemmer og Bente Iren Bjørgen som nytt varamedlem.
Takk til Elin Vandaskog og Torunn Frøkedal som har vore med i laget i lang tid og gjort ein veldig god innsats for helselaget!
Inger Bente Nilsen, leiar