Varsellampene burde byrja å blinka kraftig i den norske skulen. Resultata blir stadig dårlegare, lærarmangelen aukar, og klasseromma blir i aukande grad fylte av mobbing, uro og vald.
Om trenden held fram, vil det få store konsekvensar for norske elevar, som ikkje får bli den beste versjonen av seg sjølv. For norsk næringsliv, som ikkje får kompetansen dei treng. Og for samfunnet elles, som må bera kostnaden av begge delar.
Dette er ei utvikling me ikkje kan akseptera. Den norske skulen står ved eit vegskilje. Me må handla no for å sikre at pilene peikar i rett retning, før det blir for seint.
Først må me gi tilbake autoriteten i klasserommet til læraren. Me treng fleire kvalifiserte lærarar med spisskompetanse, særleg i byrjaropplæringa. Rolla til læraren i klasserommet skal primært omhandla undervisning og klasseleiing, og dei treng tilstrekkeleg med verktøy til å halda oppe ro og orden i klasserommet.
Foreldre må vera sitt ansvar bevisst, og slutta å skyva ansvaret for oppdraging over på skulen. Lærarar må rett og slett få betre rammer for å gjera jobben sin.
Vidare må kunnskap vera hovudfokuset gjennom heile skuleløpet. Det er ein tydeleg samanheng mellom prestasjonane til barna i grunnskulen og deira evne til å fullføra vidaregåande opplæring. Difor må me intensivera innsatsen tidleg i skuleløpet.
Ingen barn skal gå gjennom åra i skulen utan å læra grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving og rekning. Skulen må bli flinkare til å fange opp både elevar som slit, og dei med høgt læringspotensial. Lærarar må få betre høve til å differensiere undervisninga, slik at alle elevar har moglegheit til å oppleve meistring og framgang.
Til slutt må me sørgje for at elevane faktisk sit på skulebenken, og bruker tida si på læring. Fråværet har auka dei siste åra. Då er det openbart at me treng ei streng fråværsgrense i skulen, og bekymringsverdig fråvær må følgjast betra opp.
Skulen skal vera ein stad for læring, ikkje ein forlengd arm av sosiale medium. Skjermbruk i skuletida bør avgrensast kraftig, og mobilen skal ut av klasserommet.
Skal me sikre ein skule som gir alle elevar like moglegheiter, må me handle no. Me treng ein skulepolitikk som set kunnskap i sentrum, gir lærarar betre rammer for å gjera jobben sin, og sikrar at ingen elevar vert gåande gjennom skulen utan dei verktøya dei treng for framtida.
Sondre Hillestad – stortingskandidat for Høgre
Lars Petter Lie – leiar i Sveio Høgre og engasjert lærarstudent