Fredag skal Vestavind på direktesending i God morgen Norge. Foto: Morten Vågset Møller
Fredag skal Vestavind på direktesending i God morgen Norge. Foto: Morten Vågset Møller

Fredag må du få med deg God morgen Norge

TV2-programmet som har halde sjåarane med morgonselskap sidan oktober 1994, har eit fast innslag der dei ringer ei lokalavis. Klokka 10.10 fredag morgon er det Vestavind sin tur.

Det er redaktør Ellen Marie Hagevik som skal i direkte videointervju ved hjelp av iPhone og iPods. Utgangspunktet er vekas avis, og ho får 5 minuttar til å prata og svara på spørsmål. Me satsar på at det blir gode reklame for både Vestavind og Sveio.

Får du ikkje innslaget med deg, går God programmet i reprise frå klokka 11.00. Inslaget med Vestavind kjem då om lag tre timar ut i sendinga.