nyhende
Til topps på heimebane i gjetarhundprøve
Frode Handeland med hunden Speed gjekk til topps på heimebane i den høgaste klassen under gjetarhundprøven i Sveio denne veka.
Haugaland Gjetarhundnemnd arrangerte prøven på garden til Frode Handeland og Anne Bakke Handeland på Dyngjo tysdag og onsdag. I alt stilte 39 hundar til prøve. 21 av desse deltok i klasse 1 tysdag ettermiddag, medan fire deltok i klasse 2 og 14 i klasse 3. Prøvene for begge dei to øvste klassane blei gjennomførte onsdag.
Vann med kvar sin hund
Frode Handeland med Speed var best i klasse 3 med 84 av 100 moglege poeng. Kona Anne Bakke Handeland gjekk med hunden Ruth i same klasse og sikra seg 63 poeng. For at hundane skal bli godkjende i kvar sin klasse, må dei oppnå minst 60 poeng. I klasse 3 var det ni hundar som oppnådde godkjenning denne gongen. I tillegg til vertskapet med sine hundar gjaldt dette Camilla Espevold frå Skjold sin Ella (82 poeng), Gunnar Henning Bakke frå Dimmelsvik sin Peg (75 poeng), Kenneth Tverfjell frå Auklandsham sin Braut (73 poeng), Svanhild Lilleland Markhus frå Skjold (72 poeng), Lillian Rommetveit frå Sveio sin Birk (67 poeng), Jakob Markus sin Nala (62 poeng) og Kaia Bratthammer sin Kian (61 poeng.
Dommar i klasse 3 var Erlend Kvinnesland.
Ein godkjent i klasse 2
I klasse 2 blei rollene bytte om. Her stilte Erlend Kvinnesland med eigen hund, Dell, medan Gunnar Henning Bakka var dommar. To av dei fire hundane i klasse 2 blei diska, og berre Kvinnesland sin Dell blei godkjent med 73 poeng.
Lågaste krav til bruksprov
Av dei 21 hundane som stilte i klasse 1, kom ni over godkjenningsgrensa på 60 poeng. Her gjekk skjoldabuen Jakob Markhus sin Nala til topps med 91 poeng. Resten av lista over godkjende hundar i klasse 1 ser slik ut (poengsum i parentes):
Gerhard Håkull sin Trude (90), Frode Handeland sin Balder (87), Trod Rød sin Lars (85), Svanhild Lilleland Markhus sin Mina (78), Frode Handeland sin Dina (76), Thomas Züllich sin My Trusted Friend (65), Janne Thuestad sin Joy (62) og Gudmund Karluf Håkull sin Vivi (61).
Seks hundar blei diska i denne klasse 1.
Godkjenning i klasse 1 er det lågaste kravet til såkalla bruksprov som gjetarhund. Dommar i klasse 1 var Erlend Kvinnesland.
– Aukande interesse
– Gjetarhundmiljøet i Sveio og elles på Haugalandet er i vekst, seier Anne Bakke Handeland, som også er styremedlem i Haugaland Gjetarhundnemnd.
Alle medlemmer i Sau og Geit sine lokallag i Nord-Rogaland og Sunnhordland er automatisk medlemmer i gjetarhundnemnda. Handeland registrerer at stadig fleire er opptekne av å skaffa seg gode hundar til bruk mellom anna under sauesanking i fjellet om hausten. Nemnda arrangerer godkjenningsmønstringar rundt om i distriktet etter behov. Før Sveio var det slik mønstring i Etne sist søndag. Komande søndag kjem turen til Bømlo.
Deltakarane under mønstringane i Sveio kom ikkje berre frå gjetarhundnemnda sitt lokalområde. Han som reiste lengst for å delta denne gongen var truleg den utflytta sveibuen Svein Helleik Kringeland, no busett i Kristiansand. Han stilte både i klasse 2 og 3 med sin hund Oda.