nyhende

– Rundt 100 fjernstyrte eller ubemanna butikkar landet rundt har den ordninga me har gått inn for. Kvifor skal ikkje også me ha det slik i Sveio? undrast Ruth G. Ø. Eriksen. Arkivfoto: Thomas Vallestad Dragset
– Rundt 100 fjernstyrte eller ubemanna butikkar landet rundt har den ordninga me har gått inn for. Kvifor skal ikkje også me ha det slik i Sveio? undrast Ruth G. Ø. Eriksen.

Vedtak om salsløyve til Statsforvaltaren

Kommunestyret held fast på sitt vedtak om salsløyve for alkohol klasse 1 til Auklandshamn Landhandel. Saka går no til lovlegkontroll hos Statsforvaltaren i Vestland.

Publisert Sist oppdatert

Dette blei vedtatt mot ei stemme i kommunestyremøtet måndag. Olav Østebø Olsen (SV) utgjorde mindretalet i denne saka. Han hadde vesentleg to grunnar for sitt ønske om å oppheva vedtaket om salsløyve som blei fatta 17. februar i år.

For det første meinte han kommunestyret må ta ansvar sjølv og ikkje lena seg for mykje på Statsforvaltaren i vanskelege saker. For det andre meinte han kommunen må halda seg til Helsedirektoratet sitt syn når det gjeld sal av alkohol i butikkar som er fjernstyrte og ikkje har tilsette fysisk til stades i heile opningstida.

Då søknaden om salsløyve var oppe første gongen, gjekk formannskapet inn for at det måtte vera tilsette til stades når det skulle seljast alkohol i butikken.

Lovlegkontroll

Kommunestyret valde derimot med 19 mot fem stemmer å fråfalla kravet om tilsette fysisk til stades. Same kveld kravde fire kommunestyrerepresentantar, Asle G. Halleraker (TvF), Jarle Jacobsen (KrF), John Anders Semb (TvF) og Sondre Natås Strand (KrF) lovlegkontroll av vedtaket.

Då kravet om lovlegkontroll blei lagt fram måndag, ba tre representantar om ordet før avstemminga. I tillegg til Østebø Olsen var det varaordførar Ruth G. Ø. Eriksen (Frp) og Carl Enoksen (H).

– Kvifor ikkje i Sveio

– Rundt 100 fjernstyrte eller ubemanna butikkar landet rundt har den ordninga me har gått inn for. Kvifor skal ikkje også me ha det slik i Sveio? undrast Eriksen.

Enoksen delte dette synet og understreka at Høgre sto på same standpunkt som sist.

I vedtaket som blei gjort måndag, er det også med eit punkt 2 som lyder slik:

I det tilfellet at Statsforvaltaren skulle oppheva kommunestyret sitt vedtak, får rådmannen mynde til å fatta vedtak om mellombels salsløyve for Auklandshamn Landhandel  lik formannskapet si tilråding av 10. februar. Mellombels salsløyve vil gjelda framt il kommunestyret fattar nytt vedtak om salsløyve.

Powered by Labrador CMS