nyhende
Første nye mjølkebruk i Sveio på mange år
I årevis har mjølkekvotar blitt selde og talet på gardsbruk med mjølkeproduksjon gått nedover, i Sveio som elles i landet. På Eilerås har dei unge bøndene Hege og Eirik Kristian Hobberstad Vigre gått motsett veg og starta nytt mjølkebruk.
Etter ein forsiktig start i november i fjor er produksjonen no godt i gang med åtte mjølkekyr i fjøset. Kvar tredje dag kjem mjølkebilen og hentar rundt 750 liter.
Fleire bein å stå på
– Me ville ha fleire bein å stå på, utnytta ressursane betre og auka inntektene for å forsvara at ein av oss er heime og arbeidar full tid på garden, forklarar Hege og Eirik Kristian.
Og sjølv om dei er dei einaste som har starta ny mjølkeproduksjon i Sveio på mange år, kjenner dei til fleire som har gjort det same i nabokommunar som Tysvær, Vindafjord og Etne.
Dei siste tre åra har Eirik Kristian arbeidd heime på fulltid. Hege har også vore mykje heime i samband med at dottera Eirin (4) og sonen Marlon (1) har kome til. No er ho tilbake i full jobb utanom bruket.
Hege og Eirik Kristian kjem begge frå Jæren, han frå eit stort mjølkebruk der dei tidleg investerte i robotfjøs. Ho har også erfaring frå mjølking med anlegg tilsvarande det dei no har installert i eige fjøs.
At dei hamna i Sveio var nærast eit tilfelle. Dei ville bli bønder, og det var her dei fann ein gard til sals. Det var i 2016. Garden er på 670 mål totalt, medrekna utmark. Med leigejord disponerer dei no 460 mål fulldyrka mark og beite.
Store investeringar
Fram til i fjor baserte dei drifta på sau og ammekyr. Dei har 130 vinterfôra sauer som ventar lam, 15 ammekyr og i tillegg til kalvar og ungdyr. Avgjerda om å satsa på mjølkeproduksjon i tillegg, har medført investeringar på 700.000-800.000 kroner. Dette inkluderar kjøp av melkekvoten.
Det blei litt høgare utgifter enn venta. Samstundes er eg stolt av at me har klart å halda kostnadene så langt nede. Me har gjort mykje sjølv og fått mykje god dugnadshjelp av vener, naboar og andre bønder i kommunen, seier Eirik Kristian.
Tidlegare eigar Magne Eilerås dreiv også med mjølkeproduksjon, men slutta med dette for over 20 år sidan og selde mjølkekvoten. Hege og Eirik Kristian har kjøpt ny kvote på godt og vel 62.000 liter på den private marknaden.
Dei siste to åra har det ikkje vore mogleg å kjøpa kvotar frå staten, forklarar dei.
Aktive på bruktmarknaden
I tillegg til kvotar og mjølkekyr har paret gjort investeringar i fjøset, mellom anna med nytt spaltegolv. Golvet og ny kraftfôrtank er det einaste som er heilt nytt av større kostnader, samt betong.
Elles har dei handla på bruktmarknaden, og til dels brukt jungeltelegrafen for å finna fram til tilgjengeleg utstyr. På den måten skaffa dei seg mellom anna mjølkeanlegg frå Sjernarøyane. Både mjølkekyr og ammekyr går på lausdrift i fjøset. Hjå mjølkekyrne har dei skaffa kombinerte fôrings- og liggebåsar kor det berre er under mjølking at kyrne blir stengde av i etefronten. Mjølketanken på 900 liter er sett inn av Tine, her har bøndene berre ansvar for reingjering og vedlikehald.
Marknaden skrik etter meir mjølk, seier dei nyetablerte mjølkeprodusentane, som meiner dei har satsa på denne produksjonen i rett tid.
Slik avtaleverket er utforma, kan dei med sin kvote produsera 75.000 liter i 2025. Og dei har godt håp om å nå det målet med dei dyra dei har i dag.
Avløysing
Mjølkeproduksjon har auka inntekta, men også arbeidsmengda. Difor har dei no for første gong skaffa seg fast avløysar annakvar helg. Det gir litt meir fritid. Likevel er det nok å gjera på garden, og påskeferie blir det ikkje snakk om.
– Då kjem lemminga i gang og det er fullt opp å gjera i sauefjøset, fortel Hege.
Ho er glad for familiemedlemmer og vener som ofte stiller opp og hjelper til med barnevakt og anna. Elles rosar dei fagmiljøet mellom bøndene i Sveio, og fortel at dei har fått mange gode råd frå kollegaene sine.
Svært positivt
Gjertrud Svartveit Osmundsen, som er rådgjevar for landbruk og miljø i Sveio kommune, seier det er svært positivt at Hege og Eirik Kristian har utvida drifta si til også å omfatta mjølk. Og ho synest å sjå ein ny giv innan landbruket i kommunen.
– I mars blei for eksempel eit nytt robotfjøs tatt i bruk på Haukås. To andre robotfjøs er under planlegging og vil bli bygde i løpet av dei nærast åra, seier Osmundsen.
Ho meiner den auka optimismen skuldast betre vilkår basert på det siste jordbruksoppgjeret. For mjølkebruka sin del handlar utbyggingsplanar også om krav til mellom anna lausdriftsfjøs som blir gjort gjeldande frå 2034.
Osmundsen er også nøgd med at regjeringa har prioritert norsk matproduksjon i samband med den auka beredskapen. Debatten om tollmurane som avgrensar import av utanlandske landbruksprodukt, tar ho så langt med ro.