nyhende
Hjort måtte bøta med livet
Fredag den 13. april fekk politiet to meldingar om påkøyrt hjort. Truleg er det snakk om same dyret.
Første melding kom ein time inn i fredagen. Ein bil hadde køyrt på ein hjort på E39 like ved første krysset til Liereidvegen nord for Førde. Meldaren opplyste at dyret sprang vidare og at bilen hadde fått mindre skadar.
– Seinare på dagen kom det melding frå ein bilist om at det låg ein død hjort i grøfta nær rasteplassen ved E39 like nord for avkøyrselen til Liereid. Me kan ikkje seia det sikkert, men det er sannsynleg at det er same dyret som blei påkøyrt, seier vaktsjef Nina Fagerland ved Haugesund politistasjon.
Elles har helga vore stille og roleg i Sveio utan trong for politiet si hjelp.