nyhende

Dagens påske-enquete

Jenny Haldin og Tobias Guddal

Jenny Haldin er skuleelev og nestleiar i ungdomsrådet. Tobias Guddal er fotballspelar for Tromsø IL og har mellom anna fire kampar for U21-landslaget.

Publisert Sist oppdatert

Jenny Haldin

Jenny Haldin.

Beste påskemat og påskesnop?
– Eg har ikkje noko spesiell favorittpåskemat, men eg likar ein lang påskefrukost. Når det gjeld godteri er eg mest glad i påskeskum.

Beste påskeminne?
– Sidan eg var liten har me arrangert påskeeggjakt. Det må vera mitt beste påskeminne. Eg håper å halda fram med den tradisjonen.

Kva må/pleier du å gjera i påsken?
– Me er som oftest heime i påsken. Då pleier me å vere mykje ute og gå tur.

Tobias Guddal

Tobias Guddal i Tromsø-drakt, her fra Marienlyst stadion i Drammen.

Beste påskemat og påskesnop?
– Favorittpåskemat må vera ein god frokost med laks og eggerøre. Elles er eg glad i sjokolade, spesielt Melkedrøm frå godterihylla.

Beste påskeminne?
– Det må vera hytteturar med familien på Seljestad. Det har vore nokre veldig fine turar med ski og påskekos.

Kva må/pleier du å gjera i påsken?
– Det har vore travelt med mye fotball dei siste åra, så det er vanskeleg å få fri. Samtidig klarar eg å setja av litt tid til kos og andre ting også.

Powered by Labrador CMS