frå papirarkivet

Hoppande glade i livet

Utan pels, syn og heilt utan mamma. Vinterferien blei spennande og travel for søskena i familien Birkelid, som blei pleieforeldre for ein liten kaninflokk.Saka var på trykk i Vestavind 1. april 2015.

Publisert Sist oppdatert

– Dei har fått morsmjølk for kattungar frå dyrebutikken, fortel Kine (9) stolt. Det var hennar kanin som fekk ungar og døydde.

Dei tre søskena hadde ein travel og spennande vinterferie i februar.

I dag har Mini, Skippy, Dipsy og Blomst junior fått koma ut for første gong på denne solrike vårdagen. Dei snusar og er nysgjerrige som få. Det er snadder med grønt plengras!

Fem- seks gonger dagleg var det tid for næring dei første dagane. No skal dei vennast av med kattemjølka.

Når Vestavind kjem på visitt er dei fem veker gamle. Dei har lært seg å eta skikkeleg mat, og ikkje berre flaskemelk. No må dei lera seg å drikka vatn av drikkeflaske for gnagarar.

Dei har sine eigne personlegdomar og er spesielle på kvar sin måte, seier Tiril (14).

To skal gis vekk

– Dei har sine eigne personlegdomar og er spesielle på kvar sin måte, seier Tiril (14), heilt oppslukt i dei små som hoppar rundt på graset.

To skal dei behalda sjølv. Den eine har minstesøster Kine bestemt, for denne kanina liknar mest på mora, som døydde.

– Blomsten junior, smiler 9-åringen, og nussar den gråsvarte kanina på hovudet. Søskena likar dyr, og kaninar har dei hatt lenge. Men før vinterferien merka foreldra at dei for tida ikkje var så flinke å mata og gi merksemd til dei vaksne kjæledyra. Kanskje dei kunne gis vekk?

Det er ikkje uvanleg at eldre kaniner døyr av påkjenningane etter ein fødsel, har familien fått vita. Heldigvis har Kine, Blomsten jr.

Fann dei tilfeldig

Storesøster Tiril fekk dårleg samvit for dette. Kvelden etter kom ho heim frå volleyballtrening og stoppa innom trioen i boda.

Det var då det utenkelege hadde skjedd – dei tre hokaninane hadde formeira seg!

– Eg følte litt skuld for det me snakka om, så det var heilt tilfeldig at eg gjekk inn, seier Tiril. Viss ikkje ungane hadde blitt oppdaga, ville pappa-kanina truleg tatt livet av samtlege.

Morten (12) gjekk ut like etter, rota i høyet og fann ytterlegare fire ungar, men den eine var død.

– Ein av ungane var inne hos det som me fann ut var hannen. Den hadde bitt hól i hovudet til ungen, fortel Morten, og viser fram eit søkk som framleis er i hovudet til Skippy.

Det var ikkje opplagt kven som var mammakanina, så ungane blei først plasserte feil. Alt gjekk bra då dei fekk koma til ho som instinktivt hadde trekt seg vekk frå flokken.

Lukka tok brått ei vending fem dagar seinare, då mora blei funnen død.

Fire nakne kaninungar, utan syn og høyrsle vart brått aleine.

Kvir seg til farvel

Det var ikkje lett å få dei til å drikka. Hovuda måtte haldast godt fast, dei rotteliknande vesna blei nesten tvangsfôra. Ei lita flaske på deling var meir enn nok til kvartetten.

Inne måtte dei bu, i ei lue hadde dei hus – sjølv om det gjekk med ein del allergitablettar for mamma Lene.

Pappa Jone var mest engasjert i dei kritiske dagane. Siste skift om kvelden, og først oppe for å få i dei små mat før jobb.

Då dei fire små blei tatt inn i heimen, laga Tiril eit vekstskjema for ungane. Alle blei vegde, kvar dag. Sakte, men sikkert har familien vore vitne til dei små framstega.

– Det er gullkaninane våre, spøker familiefaren, og viser til utlegga dei har hatt med mat, flasker og kastrering av Nussi, som no heiter Bosse.

– Det blir vanskeleg å seia hadet til desse, seier Kine, og klemmer forsiktig på dei mjuke skattane.

Tiril, Morten og Kine Birkelid.
Powered by Labrador CMS