nyhende

Vårmønstring frå Valevåg 1. mai

Fleire hundre motorsykkelinteresserte møtte 1. mai opp på kaien i Valevåg for å ta del i den årlege vårmønstringa med Skudeneshavn som reisemål.

Publisert Sist oppdatert

Det var Senior MC Norge, avdeling Haugaland, som stod som arrangør av det tradisjonsrike arrangementet. I spissen for kortesjen køyrde Odd Kollbær, Reidun Lone og Karin E. Hovland med klubben sitt flagg høgt heva. Bak følgde ei lang rekke motorsyklar, i alle slags variantar og med førarar i alle aldrar og erfaringsnivå. Nokre med mange års fartstid på setet, andre ut på sin aller første tur.

F.v.: Odd Kollbær, Karin Elise Hovland og Reidun Lone som er veteranar i Senior MC Haugaland.

Ein av debutantane var Lucas Andre (9 år) som sat bakpå sykkelen til Jan Harald frå Karmøy. Då Vestavind spurte om det gjekk fort, kom svaret kontant: – Nei! Det kunne altså gått litt raskare.

Jan Harald (t.v.) og Lucas Andre Folgerø som skal få sitte bakpå for første gongen med morfar. Jan Harald fortel at han var veldig spent, men koste seg veldig.

Eit stort fellesskap

Det var ingen tvil om at miljøet blant motorsyklistane viste seg som både sterkt og inkluderande, uavhengig av alder og erfaring. På kaien møtte Vestavind også Anne Marie Engeset Fisketjøn, Jarle Fisketjøn, June Emberland og Emilie Emberland, alle frå Sveio, som var samde om at motorsykkelmiljøet gir eit heilt unikt fellesskap.

F.v.: Emilie Emberland, June Emberland, Jarle Fisketjøn og Anne Mari Engeset Fisketjøn. Motorsyklistar har ein «greie» om å vinke/ta ut handa kvar gang ein køyrar forbi kvarandre fortel dei.

– Når ein møter andre med sykkel, kjem praten fort i gong. Me har noko til felles. Me helsar alltid, anten det er lokalt eller ute i verda. Det liknar litt på det å møte folk i fjellet, fortel Emile Emberland, som har kryssa fleire landegrenser med sykkelen sin.

I timen før avgong var det tid til både drøs og kikke på syklane. Gjermund Vik frå Moster, deltok saman med Anders Vik og Kjell Harald Valentinsen. Dei skildrar alle eit felleskap prega av samhald, og felles lidenskap.

F.v.: Anders Vik, Gjermund Vik og Kjell Harald Valentinsen frå Moster og Karmøy. – Det er veldig befriande og avkoplande å køyre motorsykkel, fortel Gjermund.

– Alt ein treng å gjera er å møte opp. Det er alltid god stemning, kjekke folk å prate med, og mange fine motorsyklar å sjå og snakke om, fortel Anders Vik. Det finst også ei aktiv Facebook gruppe for entusiastar, kalla «MC-livet på Haugalandet» der ein kan planlegge køyreturar om ein ønskjer. Sist i dag blei det spurt om nokon ville ta følge bort til Valevåg før vårmønstringa starta, fortel Gjermund Vik.

Unike køyretøy

I Valevåg kunne ein også sjå sjeldne og klassiske motorsyklar. Blant anna doningane til Bjørn Westergaard og Henning Lie. Dei stilte med ein Honda 750 frå 1978 og ein Kawasaki 750 frå 1972. Sistnemde også kjend som «The widowmaker», og ikkje utan grunn. På den tida var det den raskaste serieproduserte luftavkjølte motorsykkelen i verda.

Bjørn Westergaard (f.v.) og Henning Lie med realiserte Ungdoms draumar.

– Eg hadde ein plakat av den på veggen då eg var 16 år. Det var draumen. Først når eg runda 50 år fekk eg endeleg kjøpt den, fortel Westergaard. Han legg til at det i dag finst særs få slike att i Noreg, og at han er med i ein eigen klubb for eigarar av modellen. Henning Lie har realisert ein liknande draum med sin Honda 750 K8 frå same tiår. – Denne har stått på ønskelista sidan ungdommen, seier han.

Bjørn Westergaard fortel at dette er ein dei syklane som er lettast å køyre på bakhjulet med.

Full fres i kafen

Sisu 4H stilte med kafé med sal av kaffi og bakst, og det var stor pågang frå både motorsyklistar og publikum. Frå klokka 11:30 vart det selt kaffi og heimebakst til motorsyklistane begynte å køyre.

– Det var travelt heile tida. Me måtte servere kundane samtidig som me passa på dei nysteikte lappane, fortel Oliva 15 år. – Det er mykje å gjera, men eg koser meg også veldig.

F.v.: Olivia Valen, Sofie Eriksen Lier, Nora Valen, Kjartan Eidsvåg og Edel Sirevåg jobber for fullt i kafeen.
Powered by Labrador CMS