nyhende
Christian arrangerer traktorkortesje på 17. mai
På nasjonaldagen blir det igjen traktorkortesje i Sveio, og i år er det Christian Vikse som står som arrangør for første gong.
Traktorkortesjen har blitt ein fast tradisjon dei siste åra, og Vikse har sjølv vore med som deltakar tidlegare.
– Eg har køyrt i fleire år no, så då tenkte eg det var fint å kunne ta ansvar for å vidareføre det, seier han.
Tidlegare har Nikolai Våge og Oskar Misje hatt ansvaret for kortesjen, men i år har Vikse teke over stafettpinnen. På Facebook-arrangementet har fleire vist interesse for å delta, og Christian håpar at så mange som mogleg blir med.
– Det er berre å slenge seg på, så lenge ein har ein traktor, seier han.
Kortesjen startar ved Ekrene Næringspark, og er i år ein del av 17. mai-programmet i Sveio. Christian sjølv fortel at han vil stille med ein gammal Case-traktor.
For å sjå tidsplanen til kortesjen, sjå kalenderen vår her: Kalenderen