Sjefssnuppene med ordføraren: Bak f.v.: Torill Hagland, Merethe Bjelland, Kjersti Hjortland, ordførar Andre Mundal Haukås, Siv Helen Stølsvik, Nancy Bøhn Helgesen, Solfrid Hjortland Kinn, Therese Bjelland, framme f.v.: Elin Eriksen Hamre, Evelyn Alstadsæther. Foto: Privat
Sjefssnuppene med ordføraren: Bak f.v.: Torill Hagland, Merethe Bjelland, Kjersti Hjortland, ordførar Andre Mundal Haukås, Siv Helen Stølsvik, Nancy Bøhn Helgesen, Solfrid Hjortland Kinn, Therese Bjelland, framme f.v.: Elin Eriksen Hamre, Evelyn Alstadsæther. Foto: Privat

Snuppeturen 2025

Sjå stor bildeserie nederst i saka. Ser du nokon du kjenner?

For fjerde år på rad blei Snuppeturen arrangert i Auklandshamn – og aldri har det vore meir liv og røre!

160 spreke og sprudlande snupper frå 18 til 72 år deltok på årets tur som er blitt ein kjempepopulær tradisjon. I år som i fjor var det ordføraren som tok seg av den offisielle opninga av Snuppeturen med både kloke ord og snorklipping. Antrekket stod til 10 i stil!

Løypa er ca 7 kilometer og går frå Stølen til Nipaståvo, vidare til Mjuko, over Långhamro, ned til Mjånestjødno og til slutt tilbake igjen til Stølen. Denne rundturen byr på flotte naturopplevingar og utsiktspunkt. Løypa var også krydra med litt underhaldning av ulike slag undervegs. Doktor Hamre og Doktor Løvik sviktar aldri ved Appelsinsteinen og er eit sikkert teikn på at Snuppene er på rett veg. Ein høydare for mange er nok utan tvil The JonnyZ, som også stilte for fjerde år på rad og leverte rock’n’roll og topp stemning ved Nipaståvo.

Mjuko er også ein populær plass å ta ein liten pause. Hengekøyene under dei fargerike paraplyane er perfekt for å nyte den vakre utsikta over Vestvikvågen. Vidare i løypa var det Sjefssnupper å treffa og det gjekk an å få seg både forfriskningar og eit spinn med lykkehjulet. Mjånestjødno, som heile badesesongen er ein populær badeplass på grunn av høge badetemperaturar, byr på god stemning og Hawaiivibes. Imponerande mange snupper tar seg eit forfriskande bad og gjer seg år etter år fortent til badebutton med temperatur og årstal. Her er også Røde Kors til stades og sørger for at alt er trygt, både ved vatnet og langs heile løypa.

Snuppene fekk også eit innblikk i oppgraderingane i løypenettet som Snuppeturen er ein del av. Auklandshamn bygdalag gjer ein fantastisk dugnadsjobb, og snuppene fekk gå over mange av dei nye kloppene som allerede er lagt for at turfolk skal kunne gå tørrskodd langs stiane. Heldigvis har bygdalaget tid til å lage til bygdafest også. Etter turen stod teltet klart på idrettsbanen for å ta imot muntre snupper med både god mat og kalde forfriskningar. Bygdafesten etter Snuppeturen gir skikkelig festivalstemning, og med John Anders Semb bak mikrofonen blir det alltid kjekt! Perfekt avslutning på ein allereie strålande dag for dei ca 250 som møtte opp te ein skikkelig fest på bøgda!

Trufaste sponsorar bidrar til at vi i år vil gi ein donasjon til Kreftomsorg Rogaland som gjer eit utruleg viktig arbeid for kreftramma og deira pårørande. Tusen takk hovudsponsorane våre Argus Profil og Haukås Bilverksted og resten av sponsorane Kiwi Sveio, Kiwi Salhusvegen, Coop Extra Sveio,  Albatross Spa, Pizzabakeren, Egon og Sunnhordland planteskole.

Sjefssnuppene
Torill, Solfrid, Elin, Kjersti, Siv Helen, Nancy, Evelyn, Merethe og Therese

Snuppetrollene og fangane klar for tur. FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

Sjefssnuppene f.v.: Evelyn Alstadsæther, Elin Eriksen Hamre og Torill Hagland. FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

Merethe Bjelland, ordførar André Mundal Haukås og Kjersti Hjortland. FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen 

Doktor Løvik og Doktor Hamre. FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Privat

The JonnyZ har konsert på Nipåståvo. FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen 

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen 

Karaoke med The JonnyZ. FOTO: Nancy Bøhn Helgesen 

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

FOTO: Privat

Torill Hagland og Merethe Bjelland på ein av stasjonane. FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

Siv Helen Stølsvik og Elin Eriksen Hamre deler ut frukt og drikke til snuppene. FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

Badeplassen. FOTO: Nancy Bøhn Helgesen

Solfrid Hjortland Kinn deler ut badebutton til en av de tøffe badesnuppene. FOTO: Nancy Bøhn Helgesen 

Sjefssnuppene med ordføraren: Bak f.v.: Torill Hagland, Merethe Bjelland, Kjersti Hjortland, ordførar Andre Mundal Haukås, Siv Helen Stølsvik, Nancy Bøhn Helgesen, Solfrid Hjortland Kinn, Therese Bjelland, framme f.v.: Elin Eriksen Hamre, Evelyn Alstadsæther. FOTO: Privat