meiningar
Men kor skal eg bu då?
Det er eit spørsmål eg har stilt meg sjølv stadig oftare dei siste åra.
Nå har eg budd i Valevåg/ Tittelsnes i over 40 år, og det blir meir og meir einsamt her. Det som skal oppretthalda den sosiale og kulturelle strukturen forvitrar og forsvinn. Nå var ordføraren nett i Vestavind og syns det var så kjekt at folketalet i kommunen var gått opp. Kva har han og resten av administrasjonen gjort for å få dette til? Kva har dei gjort for å få folketalet opp i heile kommunen.
Eg har jobba jamt og trutt i full stilling i over førti år. Ja faktisk i meir enn full stilling. I tillegg til dei jobbane eg har eg hatt, har det vore mange tilleggsjobbar og engasjement i frivillige organisasjonar og politikk. Både innan kommunen og interkommunalt og her i Valestrand. Alle desse åra har eg betalt skatten min og elles gjort min plikt. Og eg har vore med og oppdrege fem barn til gode samfunnsmenneske.
Men nå er det «Pay back time». Nå er me gamlingar blitt ei farleg bølge som skal skyla over landet. Knut Hamsun meinte alle over syttifem år burde slåast i hel, for dei var unyttige. Sjølv blei han nittitre, så det var godt at ikkje ideen hans blei sett ut i livet. Sjølv er eg snart syttifem, og har hatt stort behov for mykje helsehjelp i ein del år. Det har eg fått, og eg er svært nøgd både med heimesjukepleia, helsetenesta og NAV. Det er ikkje det som er utfordringa.
Både stat, fylke og kommune har for lenge sidan tenkt at her i øydemarka skal det ikkje bu folk. Me er berre utgiftspostar. Det hjelper ikkje at dei politiske partia seier at dei skal ta heile Norge i bruk, heile kommunen i bruk og at me gamlingane skal få bu heime så lenge som råd er. Då sparar me sjukeheimsplassar og andre utgifter. Dette er ein melodi me høyrer kvart fjerde år.
Den situasjonen som er nå er alle som styrer medskuldige i, både sentralt og lokalt.
Eg tror det første som for i rasjonaliseringsbølga var lensmannskontoret. Likningskontoret gjekk same vegen. Postkontora kunne me vinka langt til. Heilt sidan før eg jobba på skulekontoret har dei pirka i skulane. Siste runden trur eg at me i Auklandshamn og Valestrand sette oss så i respekt at det kanskje blir ei stund til neste forsøk. Sjølvsagt kan ein skule bli for liten, for lite elevmiljø og pedagogisk miljø. Men der er me ikkje enda. Så ein tidligare skulesjef ofte sa, det skal mange hus til for at det blir ein klasse. Men skulen er og sentrum i det sosiale livet og kulturen i bygda. Utan aktivitet på skulen på dagtid, døyr aktiviteten på kveldstid.
Når det minkar på folk, døyr butikken. I Valestrand er me mange som køyrer til Heiane nå. Tener kommunen noko på det? I Auklandshamn har dei vore flinke og samla seg om butikken. Då eg flytta til Sveio var det fem-seks butikkar frå Førde og nord.
Brannstasjonen var det neste ein prøvde å legga ned. Heldigvis tok vitet og trongen for tryggleik overtaket. Nå skal dei bygga ny i Førde, og det er bra. Eg veit ikkje om det blei diskutert, men om dei hadde stengt brannstasjonen hadde dette hatt konsekvens for rekruttering av friviljug brannmannskap. Dei har berre lov å bu eit bestemt stykke frå stasjonen, rimelegvis. Det er betryggande for meg i rullestol at eg har dyktige lokale brannfolk rett i naboskapen.
Lenge sa dei at det ikkje var plan å flytta legane her nord til sentrum sjølv om dei som styrer hadde mumla om dette før. Og heimesjukepleia skulle dei sjå på og. Eg ser på heimesjukepleia om lag kvar morgon. Og det er bra å sjå på. Dei er utroleg dyktige og eit smil i kvardagen. Men så slapp katten ut av sekken. Svarar dette seg reint samfunnsøkonomisk. Kva det kostar å køyra oss gamlingane og andre rundt med Taxi? Ein tur til og frå Sveio, der sjølvsagt alt skal samlast, kjem fort på nokre store lappar. Men dei kjem frå ein annan kasse, så det blåser me i. Kanskje eg må ta taxi til Sveio når eg skal i jorda og. Den som lever får sjå. Dei som lever att etter meg kan i alle fall ikkje senda brev til pårørande. Det er slutt på post. Det blir alt for langt å gå rundt med posten. Kanskje me skal kjøpa oss brevduer.
Dei som styrer kan umogeleg ha tenkt på dei som ikkje har vaksne opp me elektroniske media og PC. Sjølv har eg brukt det på jobb i mange år, men eg er stadig glad for at eg har datahjelp i huset. All æra til Johannes og hans drengar som gjer ein jobb der andre sviktar.
Kanskje eg lever så lenge at eg får sjå kva retning dette tek. Eg er redd eg kjem til å oppleva andre i sentrale styre som kjem til å kutta i godane våre, for menneska er for dyre i drift. Berre vent til me gamlingane skal finansiera skattelette og andre kjekke ting.
Kanskje eg skal søkja om å få leiga hybel i nærleiken av kommunehuset? For det er vel der me skal samlast nå.
Bror Eivind Eriksen
Gammal gretten gubbe