Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse ogvarer fra 1. juni til 31. august.
Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!
Sommarles.no er utvikla av Vestfold fylkesbibliotek og Snuti AS.
Frå 1. juni kan alle 1. – 7.klassingar i Sveio kommune vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 172 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.