nyhende

Fleirtal for ny barnevernslov – styrkjer barns rettstryggleik

Rettstryggleiken for barn er styrkt etter at eit breitt fleirtal i Stortinget røysta for å senka alderen for å gi barn partsrett frå 15 til 12 år.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er ein stor dag for alle som er opptekne av barnevern. Det omfattande og solide forslaget til regjeringa til eit kvalitetsløft i barnevernet, har gjennom stortingsbehandlinga vorte endå betre, seier Mona Nilsen (Ap) onsdag ettermiddag.

Eit fleirtal av partia på Stortinget røysta gjennom fleire endringar i barnevernslova då saka var oppe til behandling. Ei styrking av det rettslege vernet for barn var blant dei viktigaste tinga som skulle avgjerast.

Etter ein innhaldsrik debatt vedtok politikarane å senka grensene for å gi barn partsrettar frå 15 år og ned til 12 år. Det å få partsrettar betyr at ein har rett til å bli høyrd i ei sak som gjeld ein sjølv, og til å få informasjon og innsyn.

– Eit stort fleirtal i komiteen – alle partia bortsett frå Frp – sørgjer no for at barn får partsrettar frå dei er 12 år. Dette er noko både barnevernsinstitusjonutvalet og barnevernsutvalet foreslo, og som ei rekke andre instansar har ønskt seg over tid, seier Aslaug Sem-Jacobsen i Senterpartiet.

– Dette vil styrkja røystene til barna i saker som gjeld spørsmål som grip djupt inn i liva deira. Så er det synd at det ikkje ligg an til å bli fleirtal for at barn under 12 år skal få utnemnt advokat i saker for barneverns- og helsenemnda, slik Venstre ønskjer, seier leiar i familie – og kulturkomiteen Naomi Ichihara Røkkum i Venstre.

Powered by Labrador CMS