nyhende
Dette seier politikarane om legeteneste-saka
Politikarane i Sveio skal måndag 16. juni ta stilling til om legetenestene i kommunen skal samlast. Dette har skapt uro blant fleire innbyggjarar, ikkje minst fordi mange fryktar at legekontoret i Førde kan bli lagt ned. Her kan du lese kva gruppeleiarane meiner om saka før kommunestyremøtet.
KrF
Gruppeleiar for KrF i Sveio, Sondre Natås Strand, skildrar saka om legekontoret som krevjande. Han ser fordelar ved å samla helsetenester i eit felles helsehus, men understrekar at det ikkje må gå på bekostning av innbyggjarane sine behov.
– Eg ønskjer å halda fram med legekontoret på Førde, anten det vert helsehus eller ikkje. Mange parti har som mål å styrkja bygdelivet, og eg forstår frustrasjonen når stadig fleire tenester vert sentraliserte, seier han.
Strand meiner det må finnast rom for ein open diskusjon om plasseringa av eit eventuelt helsehus dersom alt skal samlast, og at både fordelar og ulemper må løftast fram. Han er ikkje prinsipielt imot ei plassering i sentrum, men etterlyser ei breiare vurdering, og understrekar at han vil kjempa for bygdene.
FrP
Gruppeleiar for Frp, Rune Teikari, seier at det viktigaste for han er at kommunen klarer å tilby eit best mogleg helsetilbod. Han peikar på at legar er ei knappheitsressurs, og at rekruttering og stabilitet må vega tungt.
– Tilbakemeldingane frå legane er tydelege: Dei ønskjer eit sterkt fagmiljø. Det må vi lytta til, seier Teikari.
Han forstår at saka vekkjer sterke kjensler, spesielt i bygdene, og erkjenner at det er vanskeleg å ta slike avgjerder. Likevel meiner han det viktigaste no er å sikra eit godt og framtidsretta helsetilbod.
Teikari viser til at sentralisering er ein nasjonal og internasjonal trend, og noko Sveio også må ta omsyn til.
Kvar eit helsehus eventuelt skal plasserast, er ikkje avgjort, men han ser det som naturleg at det blir i nærleiken av Sveio omsorgssenter, der behovet for legar er stort.
– Eg hadde ønskt ei hybrid løysing med visse ressursar i Førde, om dette er mogleg utan å undergrave attraktivitet og økonomi i ein helsehusmodell.
Han legg til at FrP ønsker eit helsehus, som gir eit best mogleg tilbod til innbyggarane og heller mot ei samling av tenestene, men at diskusjonen held fram fram mot kommunestyret.
Ap
Gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Linn Therese Erve, fortel at Arbeidarpartiet vil drøfte saka internt i gruppemøter, og at dei òg vil ta diskusjonar innad i kommunestyret til orientering før dei fattar ei avgjerd.
Høgre
Gruppeleiar for Høgre, John Kristian Økland, fortel at partiet enno ikkje har fatta ei endeleg avgjerd, men at det skal haldast eit gruppemøte onsdag 11. juni der standpunktet vil bli avklart. Så langt stiller Høgre seg bak sitt eige framlegg til vedtak, som blei vedteke i hovudutvalet for helse og omsorg 19. mai. Framlegget lyder:
- Sveio kommune vil organisera den framtidige kommunale legetenesta i eit felles legekontor, som ein del av eit framtidig helsehus. Målet er å samla fleire helsetenester under eitt tak for å styrka fagmiljø, samhandling og tilgjengelegheit for innbyggjarane.
- Rådmannen vil koma tilbake med ei utgreiing for kva lokale som er mest føremålstenlege for eit helsehus, og kva tenester som bør inngå i dette.
Økland seier at det som veg tyngst for han i denne saka, er utfordringa med å rekruttera og halda på legar i kommunen.
Han viser til at fleire legar har stått mykje aleine i jobben, noko legane sjølve ikkje ønskjer. Ein samlokalisering kan bidra til meir stabile fagmiljø og ei meir robust teneste for både tilsette og innbyggjarar.
TvF
Asle G. Halleraker, gruppeleiar i Tvf, seier partiet støttar dei faglege vurderingane som ligg
til grunn for forslaget om eit felles helsehus i Sveio.
– Vi støttar tanken om eit helsehus, og meiner det er viktig å byggje avgjerda på faglege
råd, seier han.
Han peikar på at kommunen har brukt fleire millionar på vikarar i legetenesta dei siste åra,
og at ei samling av legetenestene vil auke kvaliteten og gi meir helse for kva kommunal
krone.
– Vi kan ikkje drive butikkar utan nok tilsette, vi kan ikkje ha skular utan nok born, og vi kan
ikkje ha legekontor utan nok legar. Som politikarar må vi tore å ta vanskelege val. Ein ivrar
for legekontoret i Førde, men køyrer likevel til Sveio eller Aksdal for å hente ut medisinar
på Apoteket.
Halleraker avviser at dette betyr nedlegging av legekontoret i Førde.
– Bodskapen om sentralisering frå bygdene er eit skremselsbilete. Vi må ta inn over oss at
folketalet går ned i fleire krinsar. Me bør ha eit tilbod som skal vere best mogleg for flest
mogleg.
Han har sjølv fastlege i Førde og rosar legane, men meiner tilgjengelegheita i høve
opningstid og stabiliteten på dei nytilsette legane er for dårleg.
– Eg synest det er for sårbart at legane i store periodar skal vere aleine på arbeid, og ikkje ha eit skikkeleg arbeidsfellesskap å drøfte faglege spørsmål med. Det kan stå om liv og kompliserte helseutfordringar, og då meiner me i TvF at også legane fortener eit robust fagleg arbeidsmiljø rundt seg.
– Sveio treng eit helsehus med eit godt og stabilt tilbod. Tvf er tydelege: Vi vil stemme for
eit helsehus.
Mdg
Gruppeleiar for MDG, Kjartan Moe Hustvedt, seier til Vestavind at partiet ønskjer å bevara legekontoret i Førde. Han understrekar at MDG er imot det han kallar ein sentraliseringspolitikk, og meiner kommunen må leggja til rette for ein spreidd busetnad.
Han fortel at han oppfatta saka som prega meir av økonomiske vurderingar enn av omsynet til legedekning, og meiner legane bør få koma med si meining og bli lytta til.
– Kommunen bør heller finna innsparingar andre stader enn i denne saka, seier Hustvedt. Han er positiv til engasjementet som har oppstått, og meiner det er viktig at diskusjonen er open for alle innbyggjarar. MDG vil røysta imot ei nedlegging av legekontoret i Førde.
Frie representantar (Tidligare InP)
Ønskjet ikkje å kommentere saka.
Sv
Det er delte meiningar i laget om kva standpunkt ein skal ta i saka, fortel gruppeleiar i SV, Olav Østebø Olsen. Han opplyser at laget skal halde eit gruppemøte der det vil bli fatta ei avgjerd internt i lokallaget.
Personleg seier Østebø Olsen at han ser gode argument for begge sider, samstundes som han er oppteken av å halde denne saka åtskild frå andre spørsmål.
– Det me skal ta stilling til her, handlar om eit samla helsehus eller ikkje – ikkje om Førde legekontor skal leggjast ned. Det er viktig å vere tydelege på, seier han.
Sp
Gruppeleiar Monica Vandaskog Valen skriv i ei tekstmelding til Vestavind:
«Senterpartiet vil oppretthalde noverande legestruktur, og vi ønskjer legekontor i Førde.»