meiningar

Jan Øyvind Gravdal. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
Jan Øyvind Gravdal.

Tilfeldigvis engasjert – men ikkje tilfeldig stemme

Lesarbrev

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til tips@vestavind-sveio.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

Saka om framtidig organisering av legetenesta i Sveio skal opp i kommunestyret i dag, måndag 16. juni. Det eg no skriv, er kanskje ikkje heilt politisk korrekt, og eg er heller ikkje den som stiller meg først på talarstolen – men dette er eit ærleg innlegg frå ein folkevald som ønskjer at innbyggjarane skal forstå kvifor eg kjem til å stemme slik eg vil.

Eg har fått med meg i sidesynet at det har vore mykje skriving og sterke meiningar i både Vestavind og på Facebook for å behalde dagens todelte legekontorløysing. Det viser at mange bryr seg – og det forstår eg godt. Dette handlar om tilbodet til pasientane våre, arbeidskvardagen til helsepersonell og korleis me skal rekruttere og behalde fastlegar i åra som kjem.

Eg kom sjølv inn i kommunestyret litt tilfeldig – som listefyll for INP – og har sidan blitt fast medlem i hovudutval for helse og omsorg. Etter uroa i partiet sentralt er eg og Cato no uavhengige representantar som samarbeider godt..

Eg har hatt samtalar med helsepersonell ved begge legekontor og i heimesjukepleien. Eg har òg personleg erfaring som pasient frå både Førde og Sveio. Familien min har mista to fastlegar i Sveio på kort tid, og sidan desember 2023 har tre legar sagt opp, i tillegg til éin som har gått av med pensjon. Dette gjer inntrykk – og det må me ta på alvor.

Ein av dei største utfordringane er kapasitet. Det er særleg krevjande å få til god ferieavvikling om sommaren med berre eitt legekontor i drift. Det set stor belastning på dei som jobbar, og det er ei sårbar løysing me ikkje kan bygge vidare på.

I tillegg står legekontoret i Førde i eit bygg som krev store investeringar for å bli eit moderne og funksjonelt legekontor. Skal me sikre stabil og forsvarleg drift framover, må det gjerast noko.

Eg vil understreke at eg som både privatperson og politikar alltid har vore sterkt imot unødvendig sentralisering. Eg har vore sterkt engasjert i skulesakene i Sveio nettopp fordi eg ønskjer at tenester skal vere tilgjengelege der folk bur. Men i denne saka – med nærleik til apoteket, moglegheiter for betre fagleg samarbeid og ein meir robust struktur – ser eg ikkje noko realistisk alternativ til å samle legetenesta i eit nytt helsehus i Sveio sentrum.

Det me no vurderer, er ikkje å «legge ned» tilbod – men å samle og styrke det. Eg trur fleire av dei fastlegane og helsearbeidarane me er så heldige å ha i Sveio, klamrar seg til dette forslaget som eit halmstrå – eit siste håp om å få ei meir berekraftig løysing, eit større fellesskap, og eit fagmiljø som kan stå stødigare i kvardagen. Men dersom dette ikkje blir realisert, kan me risikere at fleire gir seg.

Me har allereie hatt tre oppseiingar sidan desember – og ein som har pensjonert seg. Me har framleis eit godt fagmiljø – men det må få betre rammer viss det skal bestå.

Samtidig har kommunen brukt store summar på å vurdere kva ein skal gjere med  den eldste delen av kommunehuset i mange år. Kanskje er det på tide å tenkje nytt: Rehabiliter den austlege delen som kan nyttast vidare – og riv den delen som ikkje held mål. Så kan me satse på eit helsehus i sentrum, med plass til fastlegar, helsestasjon, jordmor og kanskje òg private aktørar som fysioterapeutar og kiropraktorar.

Dette handlar ikkje berre om bygg, men om tenester og folk. Både dei som jobbar i helsesektoren – og me som treng dei.

Difor vil eg stemme for ei løysing som gir betre samhandling, eit sterkare fagmiljø og eit meir berekraftig tilbod for framtida. Det er kanskje tilfeldig at eg havna i denne rolla, men stemma mi i morgon er alt anna enn tilfeldig.

Jan Øyvind Gravdal
Uavhengig representant i kommunestyret
Medlem av hovudutval for helse og omsorg
Sveio kommune

Powered by Labrador CMS