nyhende
Midtsommarfest i Sveio
Sundag 22. juni var det sankthansfeiring både i Buavåg og i Førde. Det vart markert med bålbrenning, god mat, leikar og godt lag. Og litt hjelp frå vêrgudane.
Førre helg var årets lengste dagar. Ifølgje vêrmeldingane skulle sundagskvelden by på ei heller blanda oppleveing, med varslar om både regn og torevêr. Dette skulle heldigvis vise seg å vere tomme truslar; med unntak av litt vind, stod vêrgudane oss bi akkurat lenge nok til at sveibuen fekk ei nydeleg sankthansfeiring i år òg.
Stressfri feiring i Buavåg
Sankthansfeiringa i Buavåg har lange tradisjonar, og har i fleire tiår funne stad vekselvis i Grunnavågen like vest for sjølve Buavågen eller ved Storavatnet. I år var inga unntak, og Bua Bygdalag kunne invitere til fest i Grunnavågen førre sundag frå klokka 17, med bålbrenning, bading, tautrekking og sekkeløp. Det var elles gode høve for både grilling og godt lag for dei godt og vel 50 oppmøtte.
Ei av dei som var å finne i Grunnavågen var 15 år gamle Hanne Margrethe Bua. Ho ønskte ikkje å bli avbilda, men fortel at ho har vore med på sankthansfeiringa i Buavåg kvart år så lenge ho kan minnast. Det er ein fin tradisjon, synst ho. Ho trivst elles godt i Grunnavågen, og er ofte på tur her med hesten sin. Seinare i sommar skal ho på landsleir for speidaren saman med fleire av vennene sine. Landsleiren blir berre arrangert kvert fjerde år, så ho gler seg til endeleg å få bli med på dette. Det er ho heilt sikkert ikkje åleine om.
Folkefest på Strando
I Førde var det òg god stemning på sundag. I overkant av 200 menneske besøkte Førdestranda i år, på tross av dei ufine vêrvarslane. Førde Bygdalag med Tor Inge Flåten i spissen har lagt ned mykje godt arbeid både før og under markeringa, med god hjelp frå ungdomslaget og god dugnadsånd. Bålansvarleg Raymond Nygård kunne lukkeleg meddele at bålet nesten bokstavleg talt vart levert på døra av ivrige dugnadssjeler frå Førde og Rød. Det var altså duka for ei aktiv sankthansfeiring, med grillstasjon, kiosk og eit variert utval leikar og aktivitetar. Og sankthansbål, sjølvsagt. Bygdalaget hadde ansvar for kiosk, grilling, lotteri og turnering i volleyball og pentanque, medan Førde ungdomslag stod for sekkeløp og tautrekking.
Den populære turneringa i både volleyball og kulespelet pentanque trakk nok mange av både unge og vaksne. I år kunne kunne dei skilte med gåvekort på 200 kr hos Joker til kvar av deltakarane på vinnarlaget i begge turneringane. Vinnarane av volleyballturneringa var laget «Førde gutter 15», beståande av Brage Ravn Ottesen, Patrick Bjørge Grutle, Kjetil Enerstvedt Westergaard, Jaffar Alzobaidi og Kristian Hovland Hindøy. Dei var nærast ustoppelege og vann alle seks setta. Dette er tredje året dei fem ungdommane er med i turneringa, men dei var ikkje i nærleiken av å vinne tidlegare; dei kunne avsløre at pengepremien var ein viktig motivasjonsfaktor i år.
Mange var nok òg spente på loddtrekninga, med mange og gjæve premiar for til saman rundt 14 000 kr. Ifølgje Flåten vart det seld 2571 lodd i år, som er 100 fleire enn i fjor, på tross av at oppmøtet i år var om lag halvparten av i fjor. Det må ein kunne kalla ein suksess! Førde Bygdalag kunne dessutan melde om at for dei som ikkje klarar å vente eit heilt år til neste lotteri, så kjem det nytt kalenderlotteri i desember, slik som i fjor og året før.
Det var elles fint å sjå det store antalet ungdommar som var med på å arrangere sankthansfeiringa i Førde. Fleire av dei har dessutan fått sommarjobb hjå Bygdalaget, m.a. i kiosken på Førdestranda. Denne kjem til å vere open alle finvêrsdagar i sommar. Det vil altså vere gode høve for å nyte sommaren heime i Sveio i år.
God sommar!
Sjå nokre fleire bilete nedanfor.
Buavåg:
Førde: