nyhende

Ryvarden har vore eit seglings- og kjennemerke i over 1100 år. Historia fortel at Ramna-Floke i 869 bygde ein varde på Ryvarden før han reiste med skipa sine til Island første gongen. Foto: Kari Haukås
Ryvarden har vore eit seglings- og kjennemerke i over 1100 år. Historia fortel at Ramna-Floke i 869 bygde ein varde på Ryvarden før han reiste med skipa sine til Island første gongen.

Vikingen Ramna-Floke

Historia om Floke Vilgerdson som vart kalla Ramna-Floke, utspant seg i tida då Halvdan Svarte og sonen Harald Hårfagre styrte i Noreg.Saka var på trykk i Sommarvind 2015.

Publisert Sist oppdatert

Her er historia som vert fortalt i «Landnåmåbok», funnen på Island og langt eldre enn den meir kjende «Snorre»:

Om lag 890 drog Flòke Vilgjerddson frå garden Smørsund i vesterveg for å finna Snøland. Flòke, som seinare har fått namnet Ramnaflòke, låg på Ryvardsneset i påvente av seglingsbør. Her fanga han tre ramnar som han skulle bruke til å finna land med. Flòke held så eit stort blot for å trolla kraft i ramnane.

Deretter bygde han ein varde på Ryvardsneset, før dei la i veg mot vest. Først kom Flòke og fylgje til Shetland. I fylgjet var, i tillegg til Flòke sjølv og døtrene hans, også venene Torolf, Faxe og Herjolv. På Shetland drukna ei av døtrene hans i det som i dag heiter Geirhildvatn, oppkalla etter dottera Geirhild.

Flòke segla vidare til Færøyane, der han gifte bort ei anna dotter. Han la i veg vidare mot vest, og etter ei tid sende Flòke opp ein og ein ramn for å søkja land. Den tredje ramnen tok i veg og viste vegen mot Snøland. Det første dei kom til, var eit havstykkje som dei trudde var ein elvaos.

Då sa Faxe: Dette må vera eit ovleg stort land, for her er så store elveosar. Dette havstykkjet har seinare fått namnet Faxafloi etter Faxe.

Etter ei tids segling langs kysten mot vest kom dei til eit grøderikt område der dei slo seg ned for å bu. Denne staden har i dag namnet Bardastrond. Her budde Flòke og venene hans og levde godt på fiske og jakt. Ja, så godt hadde dei det at dei reint gløymde å hausta inn mat til seg, og til dei husdyra dei hadde med seg. Då vinteren kom, heldt dei på å svelta i hjel.

Dei måtte slakta heile budskapen for å overleva.

Då våren kom, bestemte Flòke at dei skulle reisa tilbake til Noreg att. Då isen løyste frå land i fjorden, gjekk Flòke opp på eit fjell for å sjå ut om det var mogleg å segla. Då såg han is som kom drivande inn fjorden. Då var det at Flòke kalla landet for Island, og seinare har namnet vore Island.

Flòke og venene hans drog attende til Noreg og Ryvarden, men ikkje lenge etter drog Flòke tilbake til Island. Denne gongen busette han seg i Skagafjordur der han levde resten av sitt liv.

Staden Flòke busette seg på heiter i dag Flòkad-al og Flòkavatn. Mykje truleg er Flòke hauglagd i Flòkadal. Han var gift på Island denne andre gongen og mange er nok dei islendingane som kan spora slekta tilbake til Sveio.

Powered by Labrador CMS