Turen inkluderte god servering på Fransehagen Bistro.
Turen inkluderte god servering på Fransehagen Bistro. FOTO: PrivatBilde 1 av 4
Tidlegare sveiorådmann Odd Henry Dahle var guide og fortalde om gruvedrifta og Visnes-samfunnet.
Tidlegare sveiorådmann Odd Henry Dahle var guide og fortalde om gruvedrifta og Visnes-samfunnet. FOTO: PrivatBilde 2 av 4
Ein liten kopi av fridomsgudinna i New York minner om at originalen er laga av kopar frå Visnes.
Ein liten kopi av fridomsgudinna i New York minner om at originalen er laga av kopar frå Visnes. FOTO: PrivatBilde 3 av 4
Bussjåfør Nils Kristian Haga hjelpte fleire rullestolbrukarar på og av bussen.
Bussjåfør Nils Kristian Haga hjelpte fleire rullestolbrukarar på og av bussen. FOTO: PrivatBilde 4 av 4

Sommartur til Visnes

Sist veke tok vel 30 forventningsfulle bebuarar på Sveio Omsorgssenter plass i bussen med kurs sørover.. Den årlege «blåturen» gjekk i år til Visnes på Karmøy.

Der venta både god mat og mykje informasjon.  Ved ankomst helsa tidlegare rådmann i Sveio, Odd Henry Dahle, oss velkomne og fortalde om Visnes-samfunnet både i fortid og notid. Mellom anna ar det artig å høyra at her har ein hatt gruvedrift frå 1865 til 1972.

800  tilsette

Vigsnes Kobberverk som på slutten av 1800-talet sysselsette vel 800 mann i gruvene og sto for 70 prosent av den norske eksporten av kopar. Mellom anna kjem koparen som er brukt i fridomsgudinna i New York frå Visnes. På den tida budde det ca 3.000 personar her ute, og Visnes hadde både sjukehus, skule og ordenspoliti. I dag arbeidar friviljuge med å ta vare på mykje av gruvekulturen og alt som følgde med. Og her har Odd Henry Dahle ei sentral rolle.

Råmjølkspudding

Ingen tur utan ogd mat og drikke og denne gongen var sjølvsagt ikkje noko unntak. Vertskapet på Fransehagen Bistro serverte herleg Boef Bourguignon med heimelaga potetstappe og grønsaker. Og til dessert fekk me ein heller sjeldan rett i dag, nemleg råmjølkspudding med frukt og god saus til. Kaffi blei det og før me sette oss i bussen og vende nasen heimover.

Trygg og blid sjåfør var Nils Kristian Haga som hadde nok å styra med når mange med rullestol skulle av og på.

Takk for hjelp og støtte

Me i pårørandeforeeininga vil takka alle som stilte opp og gjorde turen mogleg – både friviljuge, pårørande og representantar frå dagsenteret. Særskilt takk til Ola Aarrestad som på sparket stilte opp med eigen bil for å få med ein bebuar i rullestol. Turen blei arrangert med støtte frå Sveio omsorgssenter.

Jan Enerstvedt

Turleiar/leiar i pårørandeforeininga