nyhende
Elena Radulov: – I sommar skal eg skriva mykje ny musikk
Elena Radulov er ein låtskrivar og artist frå Sveio.
Kva er det beste du veit med sommaren?
– Lyse kveldar, fint vêr – og å kunna gå i sommarklede!
Har du ein eller fleire sommartradisjonar du alltid må gjera?
– Eg må alltid tilbringa nokre kveldar på naustet når vêret spelar på lag.
Kva er ditt beste sommarminne?
– Det finaste sommarminnet eg har er ein kveld på naustet då alle samla seg rundt bålet og høyrde på far min spela og synga. Ein slik kveld gløymer ein aldri.
Kva er din favorittsommarmat og/eller -drikke?
– Grillmat! Akkurat no er eg spesielt glad i grilla halloumiburger og maiskolbe.
Kva skal du bruka sommaren på i år?
– I sommar skal eg skriva mykje ny musikk, vera med vener, spele konsertar/festivalar, samt dra på festivalar – og ein tur til Bulgaria blir det også!
Kva er din draumeferiedestinasjon og kvifor akkurat dit?
– Eg har alltid hatt lyst til å reisa til Italia – for maten, stemninga og kulturen. Det verkar rett og slett nydeleg der.