nyhende

Dei siste åra har det vore mykje merksemd rundt trua insektartar, særleg humler og villbier, og med den auka interesse for å så blomstrar som kan hjelpa artane med å finna næring. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Dei siste åra har det vore mykje merksemd rundt trua insektartar, særleg humler og villbier, og med den auka interesse for å så blomstrar som kan hjelpa artane med å finna næring.

Nye bieartar oppdaga i Noreg, medan andre forsvinn

Dei siste åra er tre–fire nye artar av bier observerte i Noreg. Samtidig har omtrent like mange artar forsvunne.

Publisert Sist oppdatert

Vi har 212 bieartar i Noreg per 2025, opplyser forskarar til Gemini. Det inkluderer humleartane.

I perioden 1915 til 2015 forsvann rundt ti bieartar.

– Dei siste ti åra har vi truleg mista fire artar til, seier insektekspert Frode Ødegaard, førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseet i Trondheim.

Det byr på ekstra problem når ein bieart er sær i kost og levevis, kanskje berre interessert i éin blomsterart og i eit avgrensa område.

Bakkebandbie, reliktjordbie, tannvepsebie og sølvvepsebie er ikkje sett i Noreg sidan 2015. Artane har ikkje døydd ut andre stader.

Men så har altså tre–fire nye artar komme til Noreg, kanskje på grunn av endra klima.

Dei siste åra har trua insektartar fått mykje merksemd, særleg humler og villbier, og med en har interessa for å så blomstrar som kan hjelpa artane med å finna næring, auka.

Ifølgje Ødegaard byr det på ekstra problem når ein art er sær i kost og levevis, kanskje berre interessert i éin blomsterart og i eit avgrensa område.

– Spesialistane har dei største problema. Generalistane greier seg betre, seier forskaren.

Powered by Labrador CMS