frå papirarkivet

Skulestart for 30 år sidan:

– Eg håpar på normale lærarar, seier Remy Alexander Østenstad frå Vandaskog. Han begynar på skulen neste veke.
– Eg håpar på normale lærarar, seier Remy Alexander Østenstad frå Vandaskog. Han begynar på skulen neste veke.

Håpar på «normale» lærarar

– Eg gleder meg, men eg veit ikkje heilt til kva. Seks og eitt halvt år gamle Remy Alexander Østenstad frå Vandaskog er klar for skulestart. Kjempekul ransel og pennalhus i fleirtal er sjølvsagt kjøpt inn.Saka var på trykk i Vestavind 10. august 1995.

Publisert Sist oppdatert

– Har du lyst til å kikke i pennalhuset mitt? Det er kjøpt på byggeklosse-kaféen, seier ein engasjert skuldebutant.

Skjønt, heilt ny i skulesamanheng er ikkje han Remy. Han har gått på førskule, og har alt hatt mykje lekser. Lekser set han stor pris på og håpar på mange slike i tida framover. Sjakk har han også spelt på førskulen, og det gler han seg til å halde fram med. Systera Sandra, som skal opp i andre klasse, har ei rekkje flotte premiar frå sjakkkonkurransar, og Remy vil ikkje vere snauare.

Men sjølv om han gleder seg til å byrje på skulen – eller kanskje ikkje – så er interessa meir retta mot september. Då skal sju-årsdagen feirast med brask og bram, og alt som liknar på det.

– Kva fag gleder du deg mest til?
– Eg veit ikkje kva fag er, kjem det ærleg.
Framandord er ikkje noko for ein førsteklassing. Men han Remy har grubla og tenkt litt på førehand, og kome fram til at rekning og sjakk blir kjekkast på skulen – eller kanskje vert det friminutta, undrar han og er i litt trøbbel her. For ikkje å snakke om at han får fleire kameratar å velje i. Kanskje det vert det kjekkaste med skulen.

Men klar er han, uansett. Bøker vert funne fram, med heile alfabetet frå A til Å.
– Det der er ein J, det der ein K – og der er ein R, kjem det med triumferande røyst og dirrande peikefinger.

Elles meiner han seg å vere stabil i engelsk, med både yes og no, og ho mor Solveig nikkar og er eit sikkert vitne på det. Engelsken har han først og fremst lært seg gjennom barne-TV på utanlandske stasjonar.

– Også kan eg teiknspråk, seier Remy, og lagar alle slags teikn. Og frå fingrane spring det fram både konge og dronning, dame og katt, og elles for ein kvar smak.

Men han skal ikkje bli opplesar med gjenknipne lepper og sprikande fingrar i fjernsyn. Kursen er alt staka ut.

– Eg skal bli politimann, og fange tjuvar, kjem det bestemt. Kva skulemat han skal ha med seg er også klarert for lenge sidan. Tre brødskiver skal leggjast i ranselen før han går til skulen. Ei med leverpostei, ei med jordbærsyltetøy og ei med spekepølse. Til å drikke vert det saft. Mjølk får dei på skulen.

Men kva lærar, eller lærarar han får, veit han ikkje enno. Ønsket har han likevel klart.

– Eg håpar på normale lærarar, seier Remy Alexander Østenstad frå Vandaskog. Jo, han Remy er i høgaste grad skuleklar.

Powered by Labrador CMS