Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Skulestart for 20 år sidan:
Sjørøvar og skulegut
Med nye, raude sko og ransel frå Kristiansand er Kårstein Eikeland Ramsdal klar for Valestrand skule.Saka var på trykk i Vestavind 18. august 2005.
Då Vestavind traff han var han eigentleg meir opptatt av ei død mus på plenen utanfor huset på Lindås. Familien kom flyttande frå Valevåg den dagen avisa kom på besøk.
– Der borte bur det to kattar, viser han.
– Me kan be dei på middag, foreslår kameraten Bjarne Helvik, andreklassing frå i dag av.
Men joda, Kårstein gler seg til å begynna på skulen òg. – Eg gler meg til å leika med han der, seier han og peikar på Bjarne. – Og med dei andre gutane. Eg kjenner Henrik. Og Håvard. Og… det er mest gutar.
Kårstein gjer seg klar for fotografering ved å henta sjørøvarhatt og sverd. Og ranselen, sjølvsagt, men den er det mamma Anitha som held styr på. Alt kjem frå dyreparken i Kristiansand, der familien var i ferien. Me knipsar bilete både med og utan hatt og fletter, i sol og skugge, til hovudpersonen er lei.
– Endeleg er du ferdig. Då ska eg snikkra.
Så forsvinn både han og Bjarne bak hushjørna. Etterpå er det berre bankinga å høyra. At teorien kjem til å fortrenga det praktiske arbeidet i ei uendeleg rekkje av år framover, ofrar dei ikkje ein tanke.
Kårstein er ein av fire nye førsteklassingar på skulen denne hausten. Skilnaden er stor til Sveio skule, der det i år er 28 nye elevar i éin førsteklasse. Det er mange år sidan sist det var så få elevar at dei ikkje blei delte på to klassar. Totalt for kommunen er talet på førsteklassingar noko lågare enn i fjor.