lesarbidrag
Eigedomsselskapet som har gitt vekk alt dei eigde
Mange lag, organisasjonar og forsamlingshus i Sveio har opp gjennom åra mottatt oppmuntrande pengegåver frå det spesielle eigedomsselskapet Nimannstykket i Førde.
Eigedomsselskapet, som har eksistert i 77 år, har nå selt resten av sine eigedommar i Førde sentrum til Sveio kommune. Også dei siste salsinntektene er delte ut som kjærkomne gåver til frivillige lag og organisasjonar i bygda.
Gåvemottakarane er mange og jamvel har ein veg i bustadfeltet Hjartåsen i Førde fått namnet Nimannsvegen. Likevel kjenner truleg dei fleste korkje til namnet sitt opphav eller til namneeigaren, partlaget Nimannstykket.
Kjøpte eit gardsbruk
Då eit mindre gardsbruk, på folkemunne kalla Øklands-jorda, med bustadhus og løe midt i Førde-bygda like etter krigen kom for sal, opna det seg mogelegheiter. Eigaren av Øklands-jorda drog til Amerika og ni bønder og grunneigarar i Førde gjekk saman om å kjøpa heile bruket med bygningar, innmark og utmark.
Dei ni kjøparane deltok med like store innskot/andelar i kjøpet og skipa i 1948 det ideelle eigedomsselskapet, som fekk namnet partlaget Nimannsstykket. Kjøpet blei finansiert gjennom lån i bygdas eigen bank, Fjære Sparebank.
Dei ni deltakarane eller medeigarane i partlaget var Kristoffer Sydnes, Brynjulf Kvamme, Jacob Ravn Ottesen, Lars Myklevoll, Bernt Haugland, Simon L. Rasmussen, Johannes Th. Førde, Svend Robbestad og Styrk Fjærtoft. Sistnemnde var lensmann i bygda og gjennom mange år styreleiar og pådrivar for partlaget.
Lærarbustad
Gjennom dei 77 åra som har gått sidan skipinga av partlaget, har pionerane gått ut or tida og eigardelane i Nimannstykket har gått i arv i pionerane sin næraste familie. I 2025, i det året som laget skal avviklast, har desse personane forvalta dei ni eigardelane i partlaget: Lars Fjærtoft, Leiv Sydnes, Sjur Kvamme, Tone Rasmussen, Gunn Evy Nilsen Haaland, Svein Reidarson, Jostein Ravn Ottesen, Marit Serine Robbestad Skeie og Thomas Førde.
Kort tid etter skipinga av partlaget, blei hovudhuset til den såkalla Øklands-jorda seld til Vikebygd kommune, som Førde den gongen tilhøyrde. Bustadhuset ville kommunen nytta som lærarbustad for tilsette ved Førde skule. Den nye læraren i bygda, Brynjulf Kvamme, kunne dermed flytta inn dit saman med sin familie.
Løa blei bustadhus
Løa, som tilhøyrde den tidlegare Øklands-jorda, kjøpte Jacob Ravn Ottesen. Han bygde løa om til bustadhus. Det var knapt med tilgang på bygningsmaterialar i tida like etter krigen.
Gjennom tiåra som følgde selde Nimannstykket tomter til sju nye bustader i Førde sentrum. Deler av utmarka, som partlaget også eigde, blei seld til Sveio kommune då næringsområdet Hanaleitet skulle klargjerast. Andre delar av utmarka, blei utvikla til bustadfeltet Hjartåsen, kor ein i dag finn adresser langs Nimannsvegen.
Eigedomssala gav inntekter til Nimannstykket som dermed kunne betala ned lånet i Fjære Sparebank. Etter kvart kom partlaget ovanpå økonomisk og kunne driva med overskot frå sals- og renteinntekter.
Ideelt føremål
I følgje avtalen mellom dei ni frå 1948 var føremålet til partlaget å sikra tomteareal til høveleg utnytting i bygda, både for private og offentlege føremål. Eventuelt overskot frå drifta av laget skulle ifølge avtalen brukast til beste for bygda. Dei ni eigarane i Nimannstykket skulle ikkje ha privat vinning frå deltaking i partlaget. I alle år har laget blitt drive etter desse retningslinene.
Sals- og renteinntekter er årvisst blitt delte ut til allmennyttige føremål kring i heile kommunen. Meir enn ein million kroner (nominell kroneverdi) har Nimannstykket bidratt med til ulike frivillige og ideelle lag og organisasjonar i bygda.
Blant gåvemottakarane er:
Førde Samfunnshus og Sveio Sambrukshus. Samfunnshus/bygdahus-delen ved følgjande skular: Vikse skule, Lid skule, Vandaskog skule, Bua skule, Einstabøvoll skule og Ørevik skule.
Vidare har desse mottatt gåver: Oa Ungdomslag, Granlund samfunnshus i Auklandshamn, Førde Ungdomslag, Sveio sjuke- og aldersheim, Førde Bygdalag, Førde bedehus, Rød bedehus, orgel i Førde kyrkje, orgel i Valestrand kyrkje, vassverkutbygging Rød, idrettsanlegget i Sveio, utemøblar i Førde, Førde skulemusikkorps, Førde musikkorps, Sveio musikk og drill, Einstabøvoll skulekorps, Sveio Orienteringslag, Førde barnehage, Førde-speidarane, Sveio Pensjonistlag og Førde Husmorlag.
Frå dugnad til kommune
Nimannsstykket har heile tida vore eit reint dugnadsdrive og ideelt føretak, som har lagt til rette for samfunnsutvikling og stimulert til frivillig arbeid gjennom mange tiår. Partlaget blei skipa i ei tid då bygda var utan kommunale musklar som kunne gjera større løft til beste for fellesskapet.
Mange av dei oppgåvene som Nimannsstykket har bidratt til å løysa, har etter kvart utvikla seg til å bli kommunale oppgåver.
På denne bakgrunn fann parteigarane i Nimannsstykket at det ville vera naturleg om partlaget fekk i stand ein avtale med Sveio kommune om kjøp/overtaking av heimel til restane av det ideelle fellesskapet sin eigedom.
I år blei partlaget samd med kommunen om ein salsavtale. Avtalen omfattar mellom anna arealet kring minnesstøtta over Styrk Fjærtoft i Førde sentrum og i tillegg ein utmarksteig mellom Hanaleite og Lierfjell.
Inntektene frå Nimannstykket sitt siste eigedomssal er sjølvsagt blitt delt ut til gode føremål i bygda: To forsamlingshus, som begge er under restaurering, Førde bedehus og Førde tinghus blei tildelt 75 000 kroner kvar. Oa Ungdomslag/Oa ungdomshus fekk kroner 30 000 til sitt oppussingsarbeid, medan Oa bedehus og Rød bedehus fekk kroner 10 000 kvar. Dessutan fekk følgjande lag i bygda 10 000 kroner kvar til sitt arbeid. Dette gjeld Sveio Orienteringslag, Førde Ungdomslag og Førde-speidarane.
Usemje om skatt
Før Nimannstykket kan gå heilt over i soga, treng det ideelle partlaget ei avklaring i høve til Skatteetaten. Førebels har etaten meldt at dei vil krevja inn skatt frå vinsten av eigedomssalet til kommunen. Det finn laget svært urimeleg ettersom Nimannstykket gjennom alle år er blitt drive på dugnad utan vinning for nokon av parteigarane. Dessutan er heile kapitalen saman med renteinntektene blitt delt ut til frivillige lag og organisasjonar, som heller ikkje er skattepliktige.
Partlaget ventar nå på endeleg avklaring frå skattestyresmaktene.
Thomas Førde