nyhende

Nytt liv i låven

Låven fekk eit nytt kall

Ho har preikestol og døypefont i ei høgde og traktor og grasklippar i ein annan. – Me sår Guds ord, og håpar det spirer, seier ein av eldsjelene bak Låvekyrkja.

Publisert Sist oppdatert

Nytt liv i låven

Sak 3 i ein serie på 7 om gamle låvar i ny bruk.

Sak 1: Ei låvande framtid

Sak 2: Her lagar dei sider i siloen

Neste veke: Låven i Fusa som vart lydstudio

– Dette er ein driftsbygning i Guds rikes arbeid. Her sår me Guds ord, og så er det opp til dei som kjem kor mykje dei vil ta i mot og hauste. Det er difor me har både såkorn og aks på altertavla.

Arne Sukke står midt i skipet av Heddal Låvekyrkje og nikkar mot koret, der ei 5,5 meter høg tretavle strekkjer seg mot taket. Rundt han står det stolar på sirlege rekkjer. Skipet kan benkje 340 personar, men òg delast av ved behov.

I etasjen under er det kafe, turistkontor, undervisningsrom og administrasjonskontor for dei tilsette i Heddal sokn i Telemark. Under der att, i kjellaren, er det teknisk rom, garasje og verkstad for kyrkjetenarane – og – utstillingslokale og sanitæranlegg for turistane.

Smed Halvor Sisjord har laga ein tru kopi av lysekrona frå Heddal stavkyrkje som i dag heng på Oldtidssamlinga i Oslo, fortel Arne Sukke.

Samla er arealet på 1.708 kvadratmeter. Då er også aktivitetsstova på loftet inkludert, seier Sukke og slår ut med armane:

– 10.000 dugnadstimar tok det, og nær 200 eldsjeler bidrog. Skogeigarlaget her var fantastisk rause og gav oss 270 kubikk tømmer frå dei aller finaste furuene. Utan innsatsen til dei frivillige, hadde me nok ikkje stått her i dag.

Stavkyrkjekulda

Han vart kanskje ikkje skapt i Guds bilete, låven som vart reist her på Heddal prestegard i 1905. Den gongen tente han som ly for dyra til presten og landbruksreiskapar, medan kyrkjelyden i soknet søkte saman i Heddal stavkyrkje på den andre sida av vegen. Ei gong i etterkrigstida stoppa drifta på prestegarden opp og låven vart ståande til nedfalls. Hadde det ikkje vore for soknepresten som fekk lagt nytt tak på låven på 70-talet, ville han nok sokke i saman for lengst.

Men kva skulle dei eigentleg bruke den gamle låven til? undra meinigheita ofte, medan turistane som hadde vore på besøk i stavkyrkja, sneik seg over vegen for å slå lens ved låvebrua. Det vekte ikkje akkurat hallelujastemning i kyrkjelyden. Samstundes såg alle ulempa ved å drifte ein så stor turistmagnet som stavkyrkja, utan å kunne tilby nokre av fasilitetane som vanlegvis følgjer med.

Altertavla er i massiv furu og teikna av Hans Sundsvalen. Krusifikset i lokal amfibulitt er hogd til av kunstnaren Tor Lindrupsen.

Parallelt vaks òg bekymringa for stavkyrkja. Ho er ikkje berre den største i verda, men også svært skjør. Tømmerveggane frå slutten av 1100-talet tolte dårleg dei store temperatursvingningane som følgde med oppvarminga til gudstenestene vinterstid, fortel Sukke:

– Belastninga oppvarminga hadde på treverket var eit viktig argument for å starte planlegginga av ei ny og moderne kyrkje, og for å lage eit aktivitetshus i låven. I dei same åra tok nokon til å leike med tanken på å bruke sjølve låven som kyrkje, men akkurat der var motstanden stor, altså. Å byggje kyrkje i ein låve som ser ut som ein låve? Nei, fysjameg!

Fortidas fasade

Sukke humrar. Han var sjølv blant skeptikarane. Det var heilt til arkitekten som var hyra til å teikne ein turistdel i låven gjekk ut over mandatet, og i tillegg la ved eit framlegg der han hadde teikna ei kyrkje i den gamle låven.

– Området her er freda av Riksantikvaren, så me sende både teikningane av den nye moderne kyrkja og av låvekyrkja til den nasjonale kyrkjekonsulenten. Han meinte begge prosjekta var interessante, men at låvekyrkja klart var å føretrekkje. Det gjorde eg også – då eg fekk tenkt meg om.

Også alt interiør er tilverka av lokale. Snikkaren Arnfinn Nørstrud har mellom anna laga døypefont, preikestol og lesepult.

No var heller ikkje soknerådet vonde å vende. Låvekyrkje skulle det bli, og Sukke vart valt til leiar av den nye Stiftinga Heddal Kyrkjetun. Dei var godt i gang med papirmølla og finansieringa av ombyggingsprosjektet då det viste seg at dei gamle konstruksjonane i låven ikkje var noko å jobbe vidare med. No måtte dei i staden rive og bygge kliss ny låve, med same fasade som den gamle. Med det følgde nye rundar i byråkratiet.

I 1993 vart gamlelåven riven på ein storstilt dugnad, og grunnsteinen til den nye låven lagt ned av biskop Halvor Bergan. Fire år seinare, på såmannssundagen i januar 1997, kom biskopen endeleg attende.

Denne gongen var det for å vigsle den ferdige Låvekyrkja.

Få giftarmål

Køntrigudsteneste og vanlege gudstenester, konsertar med alt frå Sondre Bratland til Kim Rune Hagen; det er heilårsliv i det store bygget, som no tener som både kyrkje og kulturhus i bygda. I tillegg husar det møteverksemda til mellom anna bondekvinnelaget, skogforeininga og skogeigarlaget – og øvinga til Låvekoret.

Kyrkja er open heile året, men sjølve gudstenestesesongen er avgrensa til tida stavkyrkja er stengt; frå allehelgenssundagen 1. november og til og med påskedagen. Då er det gudsteneste i låven tre sundagar i månaden.

I første etasje er det mellom anna kafe og sanitæranlegg for turistane som besøkjer stavkyrkja om sommaren. Då er Låvekyrkja i andre etasje stengt.

– Kyrkja er godt besøkt, og talet på barnedåpar er til dømes ganske likt delt mellom stavkyrkja og Låvekyrkja. Folk døyper ungane sine når det passar, og mange brukar også lokala her til selskapet etterpå, seier Sukke.

– Men dei fleste vil framleis helst gifte seg om sommaren, og mange gjer det kanskje for å kunne ha stavkyrkja som ramme. Me har difor få bryllaup her.

Billeg moro

Og prislappen? 16,1 millionar kroner, fortel Arne Sukke. Hadde ein medrekna dugnadstimane, kunne ein fort ha gonga med tre, tippar han. Kommunen har bidrege med 3,2 millionar. Offentlege støttemidlar, kontantgåver og inntektene frå lotteri gjorde difor at dei slapp unna med å låne skarve 3,1 millionar.

– Det har vore eit flott og veldig meiningsfullt prosjekt å vera med på, og me er veldig, veldig stolte av å ha fått det til, seier Sukke salig.

– Og det er jo ingen andre plassar i verda som har ei kyrkje i ein raud låve!

Gamle Heddal prestegardslåve, som vart utgangspunktet for den nye Låvekyrkja.
Powered by Labrador CMS