Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Fem saker frå kvart parti
Me har sett nærare på programma til dei ni største partia i Noreg. Frå kvart parti har me plukka ut fem saker. Kanskje finn du noko som engasjerer deg?
Raudt
- Innføre eigenandelstak på 2.500 kroner for tannhelse.
- Makspris på straum på 35 øre per kWh for folk og næringsliv.
- Erstatte EØS-avtalen med ein handelsavtale og melde Noreg ut av Acer.
- Forby bemanningsbransjen og sikre profittfri velferd.
- Auke skatten for dei rikaste og kutte skattene for dei som tener minst.
Sosialistisk Venstreparti (SV)
- Kutte klimagassutslepp i tråd med Parisavtalen og stanse ny oljeleting.
- Satse på grøn industri, teknologi og energi.
- Bevare naturmangfald og seie nei til gruvedrift på havbotnen.
- Endre kraftmarknaden med meir offentleg kontroll og greie ut statleg føretak for straumhandel.
- Stramme inn bustadmarknaden og innføre ein nasjonal plan for bustadbygging
Annonse
Arbeiderpartiet (Ap)
- Innføre ein fast straumpris for husholdninger, omtalt som «Noregspris», for å ge meir stabile strømutgifter.
- Bygge 130.000 nye bustader innan 2030.
- Få 30.000 unge under 30 år inn i arbeid innan 2030 som eit tiltak mot utanforskap og bemanningsmangel.
- Sikre kortare ventetid i helsevesenet og fastlegeordning med garanti om tilgang til fastlege.
- Leggje til rette for at flere eldre kan bu heime lenger gjennom bygging av tilpassa bustader og økonomisk støtte til bustadtilpassning.
Senterpartiet (Sp)
- Sikre nasjonal kontroll over energi og naturressursar og seie nei til EU-medlemskap.
- Betre bondens inntekt og styrke norsk matproduksjon.
- Behalde dagens kommunestruktur og flytte statlege oppgåver ut av Oslo.
- Ønskjer å oppretthalde forbodet mot bruk, eige og sal av narkotika.
- Redusere avgifter som elavgift og drivstoffavgifter og fjerne moms på vatn og avløp.
Annonse
Miljøpartiet Dei Grøne (MDG)
- Stanse oljeleting og stenge alle oljefelt innan 2040.
- Satse på grøn industri, karbonfangst og en sirkulærøkonomi.
- Doble barnetrygden og gje gratis barnehage til låginntektsfamiliar.
- Fjerne moms på frukt, grønt og reparasjonar og lovfeste rett til reparasjon.
- Innføre nasjonalt reisekort for kollektivtrafikk og gjennomføre kraftige klimakutt.
Venstre (V)
- Gjere det enklare å vere gründer gjennom endringar i skattesystemet
- Satse på meir tilpassa opplæring og talentutvikling i skulen.
- Ettergje deler av studielån til helsepersonell som jobbar i distrikta.
- Tillate strengt regulert sal av cannabis.
- Arbeide for norsk medlemskap i EU.
Annonse
Kristeleg Folkeparti (KrF)
- Auke barnetrygden til 2500 kroner i månaden og innføre nasjonalt fritidskort.
- La familiane bestemme sjølve korleis dei skal fordele foreldrepermisjonen.
- Ha nasjonasl mobilforbod i skulen og innføre 13-årsgrense for kjøp av smarttelefon.
- Gje skattelette til barnefamiliar gjennom auka foreldrefrådrag.
- Behalde og styrke den norske kyrkja si stilling i det norske samfunnet.
Høgre (H)
- Redusere inntektsskatten for alle og auke frikortgrensa.
- I staden for å støttes Aps straumstøtteordning vil Høgre gå inn for ei eiga straumpakke.
- Innføre fritt skuleval i heile landet og tilapsse utdanning betre til arbeidslivet sine behov
- Gje politiet genrell væpning og tilsette to politifolk per 1.000 innbyggjarar.
- Bruke private aktørar for å redusere helsekøane, samtidig som dei vil satse på meir teknologi, digitalisering og kunstig intelligens i sjukehusa for å auke effektiviteten og kutte ventetider.
Annonse
Framstegspartiet (FrP)
- Kutte kraftig i bistand, integrering og kultur.
- Stanse mottak av kvoteflyktningar inntil integreringa fungerer.
- Fjerne formueskatt og eigedomsskatt, og redusere skattar og avgifter.
- Innføre strengere straffar, senke den kriminelle lågalderen og gje politiet generell væpning.
- Satse på meir olje og gass, vannkraft og kjernekraft.