nyhende

Forfattar Agnes Ravatn, busett i Valevåg, møter ein av landets største influensarar til samtale om Jon Fosses «Morgon og kveld» på Fossefestivalen 12. september. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset.
Forfattar Agnes Ravatn, busett i Valevåg, møter ein av landets største influensarar til samtale om Jon Fosses «Morgon og kveld» på Fossefestivalen 12. september.

Agnes Ravatn i uvanleg litterært møte med influensar

To ulike forfattarstemmer møtest 12. september på hovudscena i Det Norske Teatret. Agnes Ravatn, som bur i Valevåg, skal delta i boksamtale med Sophie Elise Isachsen under Fossefestivalen.

Publisert Sist oppdatert

Ravatn legg ikkje skjul på at ho vart overraska då invitasjonen kom.

– Eg har fått vite at ho berre ville stille dersom ho fekk ha samtale med meg. Det var uventa, men sjølvsagt stas, seier ho.

Uvanleg kombinasjon

Ravatn og Isachsen, kjent som Sophie Elise, har aldri møtt kvarandre, men kjenner til kvarandre gjennom litteraturen. Sophie Elise har fleire gonger løfta fram Ravatn sine bøker i sosiale mediar, noko som har merka seg i boksalet.

– Ho har ein heilt tydeleg påverknadskraft, seier Ravatn.

Kombinasjonen av dei to forfattarane har ført til stor interesse for arrangementet. Billettsalet har vore så godt at festivalen måtte flytte lesesirkelen til hovudscena på Det Norske Teatret.

– Eg er klar over at det ikkje er på grunn av meg. Eg er nok gratispassasjer på interessa rundt Sophie Elise, seier Ravatn med eit smil.

Felles bok

I boksamtalen skal dei to snakke om Jon Fosses roman «Morgon og kveld».

– Boka er både enkel og djup på same tid. Eg gler meg til å høyre hennar refleksjonar, seier Ravatn.

Ho håpar òg at publikum har lese boka på førehand, slik at samtalen kan få fleire inngangar frå salen.

Ny roman

Agnes Ravatn er òg aktuell med bokutgjeving. 1. oktober kjem romanen «Doggerland». Boka har ikkje handling frå Sveio, men det er den første romanen ho har skrive der naturen og omgjevnadene i kommunen har vore ei inspirasjonskjelde.

– Eg har mellom anna vore fleire turar ut til Ryvarden for å ta inn kjensla av havet, vinden og lyset. Den stemninga har eg tatt med meg inn i teksten, seier Ravatn.

Romanen føregår over eitt døgn på ei øy og handlar om ein bergensk forlagsfamilie som slit økonomisk. Midt i dette dukkar det opp eit mystisk manus med same tittel som boka.

Frå byliv til kystliv

Ho meiner livet på Valevåg har gitt henne eit nytt blikk på Fosses roman.

– Då eg las Morgon og kveld første gong, budde eg i byen. No er eg tettare på miljøet med naust og båtar, og eg opplever at boka talar endå meir til meg, seier Ravatn. Ho fortel vidare at ho gler seg til å lese boka på nytt før ho går på scena 12. september.

Kontrastfylt kvardag

Forfattaren innrømmer at det blir nervepirrande å stå på scena framfor eit stort publikum.

– Det er meir behageleg å diskutere litteratur rundt eit middagsbord enn framfor hundrevis av menneske. Samstundes er det ein del av jobben. Nitti prosent av tida sit eg åleine bak skrivepulten, resten går med til rampelyset.

Ho ser likevel fram til samtalen.

– Vi har nok svært ulike liv, men litteraturen bind oss saman. Eg trur det blir både lærerikt og underhaldande, seier ho.

Etter arrangementet ventar eit meir uformelt høgdepunkt.

– Vi skal ete middag saman etterpå. Eg ser fram til samtalen på scena, men eg gler meg òg til å prate meir uformelt rundt bordet, avsluttar forfattaren.

Powered by Labrador CMS