frå papirarkivet

20 år sidan:

Foran frå venstre: Gerd (Hasselkvist) Hemmingstad, Gislaug (Staveland) Emberland, Solveig (Enerstvedt) Økland, Eva (Bjelland) Eliassen. 2. rekkje: Prest Jon Victor Selle, Hjørdis (Rød) Kallevik, Anne Margrete Tveit, Tordis (Birkeland) Lie, Marta (Hovda) Kristiansen. 3. rekkje: Marta (Auestad) Edvardsen, Olaug (Halseid) Stokke, Leif Johan Ness, Odd Vikse og Johannes Kvalvåg. Bakerst: Einar Halleland, Knut Mekeland, Lars Hylen, Jan Mølstre, Karl Johan Vierdal, Asbjørn Fagerland, Ruben Goldman og Ragnar Espeland.

Endeleg blei konfirmantane fotografert – 50 år etter

Dei har ikkje eit einaste fellesbilete frå konfirmasjonsdagen for 50 år sidan. Søndag var dei samla att, og denne gongen hadde dei bestilt fotograf.Saka var på trykk 13. oktober 2005.

Publisert Sist oppdatert

Konfirmantane frå 1955 er forfølgde av uhell. Ved ein glipp blei det heller ikkje nemnt under gudstenesta søndag at 50-års konfirmantane var til stades i kyrkja, noko fungerande sokneprest Jon Victor Selle beklaga sterkt i etterkant.

– Det er ikkje din feil, det er oss det er noko gale med, trøysta ein av jubilantane etter at skuffelsen hadde lagt seg. Då fotograf OJ stilte dei opp for fotografering, var humøret på topp att.

For 50 år sidan var dei 34 eller 36 konfirmantar – heilt sikre er dei ikkje, sidan dei ikkje har noko bilete å gå etter. Denne gongen var 21 av dei samla. Seks er døde. Det var prost Lauvås som konfirmerte dei i 1955.

Powered by Labrador CMS