nyhende

Sjå illustrasjonsvideoane:

Alternativ 2, Førde.
Alternativ 2, Førde.

Ny E39 gjennom Sveio

Her kan du sjå illustrasjonsvideoane som tek deg gjennom dei to forskjellige alternativa på ny E39 gjennom Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Alternativ 1:
Alternativ 1 held fram over Nese der det går tett inn på eit gardsbruk, og vidare nordover på austsida av Lierfjellet og ovanfor busetnadene på Lier. Alternativet går også i høgda og aust for Førdebygda. Bak kyrkja er det lagt inn ein kort tunnel.

Lenger nord er det også lagt inn ein kort tunnel ved Middagshaugen i Valestrand. Dette alternativet, slik det ligg føre i dag, vil krevja innløysing og riving av sju bustader og hytter.

Alternativ 2:
Alternativ 2 ligg lenger vest på den sørlegaste delen av strekninga gjennom Sveio. Etter eit toplankryss nærare Haukås held vegen fram mot Rødspollen. Det blir ei høg fylling bak Rød bedehus.

Vidare går vegen på vestsida av Lierfjellet og like bak og ovanfor bustadhusa og industrifeltet på Hanaleite. Vegen fylgjer dagens E39 gjennom Førde og deler dermed bygda i to. Vidare er det i dette alternativet lagt inn eit stort toplankryss i Førde.

Vidare nordover går vegen lengst vest og utan tunnelar. Dermed kjem han også tett på bustadfeltet på Middagshaugen. I tillegg til at alternativ 2 krev riving av 19 hus og hytter, er dette alternativet litt lengre og litt dyrare enn alternativ 1.

Powered by Labrador CMS