nyhende

Kart: Fagne
Kart: Fagne

Framleis rundt 830 utan straum i Sveio

Natt til laurdag var på det meste 9.000 kundar utan straum i Fagne sitt nettområder. I sørlege delar av Sveio er det framleis mange som ikkje har fått straumen tilbake.

Publisert Sist oppdatert

Grytideleg i dag var Fagne optimistisk og rekna med at straumen ville vera tilbake hos alle sveibuane mellom 09.00-11.00. Det er no førebels justert til klokka 16.00.

– Straumbrota skuldast i hovudsak tre som har falle over straumlinjene, men også stolpar som er knekt eller linjer som har falle ned som følge av den kraftige vinden. I den samanheng er det viktig å minna om at straumleidningar som ligg på bakken, ikkje må rørast, då dette er livsfarleg. Me ber om at ein held avstand, også til tre eller gjenstandar som har falle over linjene. Kontakt oss i Fagne slik at me så fort som mogeleg kan handtere det, seier Gunn Margareth Lassesen, kommunikasjonsansvarleg i Fagne.

Utfordrande forhold

Ekstremvêret «Amy» er på veg austover, men det er både mykje vind og regn i etterkant. Herjingane har verkeleg sett dei som skal rydda opp på prøve.

Gunn Margareth Lassesen, kommunikasjonsansvarleg i Fagne.

– På det meste har me hatt 22 pågåande hendingar i høgspentnettet og stor pågang av kundar som er blitt berørt. Fagne sitt nettområde, som omfattar Haugalandet, Sunnhordland, indre Ryfylke og deler av Hardanger, er blitt berørt. Fagne sette beredskap fredag kveld, og har bemanna opp med ekstra personell både inne på driftssentralen, på kundesenter, og med montørar ute i felt for å få oversikt og å handtera situasjonen, seier Gunn Margareth Lassesen, kommunikasjonsansvarlig Fagne

Det har vore svært utfordrande forhold å jobba under, med sterk vind, regn og mørke. Det er sett inn enno fleire ressursar frå morgontimane i dag, og feilsøking og utbetring pågår kontinuerleg.

Kan ta tid

– Me må til ei kvar tid ivareta tryggleiken til våre tilsette. Når ekstremvêret no avtar og me får dagslys, kan me auka innsatsen med å lokalisera og reparera feil.

I mange av tilfella kjenner Fagne feilen, men i andre saker kan det ta noko tid å lokalisera og gjenoppretta straumforsyninga.

– Det vil kreva befaring av våre montørar, og i nokre tilfelle hjelp av helikopter og droner om vêret tillet det. Dette arbeidet vil pågå utover dagen, kvelden, og mest sannsynleg søndag formiddag, seier Lassesen.

Powered by Labrador CMS