Otto Inge Molvær har to forslag til flaggdagar- og veker. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
Otto Inge Molvær har to forslag til flaggdagar- og veker. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset

«Kommunal flagging»

Ope brev til Sveio kommune ved formannsskapet:

Eg meiner Sveio kommune bør stille seg solidarisk til den samiske minoriteten sin kamp for sitt menneskeverd, i eit samfunn der staten har gjort seg skuld i grove overgrep mot samane over lang tid. Eg har vore distriktslege i Tana, midt i Sápmi («Sameland»), og veit ein god del om kva denne minoriteten har gått gjennom. «Samehets» finst diverre framleis.

Det samiske flagget.

Kommunen bør markere dette ved å heise det samiske flagget på samane sin nasjonaldag 6. februar og flagge dagleg ei veke.

I så måte vil Sveio bli eit føredøme for andre kommunar, som vonleg vil kome etter. Det vil medføre minimale utgifter, så saka skulle ikkje trenge politisk vurdering, og bør kunne avgjerast administrativt av ordføraren, mogleg i samråd med formannsskapet.

FN-flagget.

Eg meiner vidare at Sveio kommune bør markere Dei sameinte nasjonane (SN/FN) si viktige rolle i dagens situasjon med forferdelege krigar rundt om i verda, også med ein aggressiv nasjon på «dørstokken» vår.

Dette kan gjerast ved å heise SN/FN-flagget på SN/FN-dagen 24. oktober, som er stiftingsdagen for organisasjonen – 1945 då 2. verdskrigen var slutt. Flagginga bør vare ei veke.

Dei opphavelege 51 nasjonane er blitt utvida til 193 medlemsland. Organisasjonen har mange oppgåver, tekne i vare av 37.000 tilsette. Ei hovudoppgåve er å arbeide for fred og tryggleik i verda, ei i høgste grad naudsynt oppgåve her og no. Mange sveibuar, inklusive eg sjølv, har teke del i fredsvernande operasjonar rundt om i verda i SN/FN-regi, stundom med fare for eige liv.

Sveio kan såleis vere eit føredøme for andre kommunar. Det vil medføre minimale utgifter, så saka skulle ikkje trenge politisk vurdering. Saka bør kunne avgjerast av ordføraren, moglegvis i samråd med formannsskapet. Eg har eit slikt flagg, som eg kan overlate gratis til kommunen dersom det skulle vere ynskje om det.

Otto Inge Molvær,
kommandør