nyhende

Konsert i Valestrand kulturkyrkje:

Musikk og honning til minne om Arne Valen

Laurdag 29. november blir det minnekonsert etter Arne Valen i Valestrand kulturkyrkje. Profilerte artistar medverkar gratis, og alle inntektene frå billettsalet går til Kreftforeningen.

Publisert Sist oppdatert

– Det var artisten Tom Roger Aadland som tok initiativet til minnekonserten. Han tok kontakt med meg, og det er også han som har fått med Eli Furubotn, Kine Nesheim Munor, Ole Meland trio og Ole Morten Velde. Det er ikkje ofte me har så mange artistar på ein gong i kulturkyrkja, seier prost Arild Steinsland.

Planla konsert sjølv

Han har stått for dei organisatoriske førebuingane til konserten og skal også sy arrangementet saman.

Etter at han blei sjuk, hadde Arne Valen – lokalpolitikar og tidlegare leiar av Kirkens Bymisjon på Haugalandet – sjølv planar om å arrangera ein konsert til inntekt for Kreftforeningen. Han hadde avtalar med fleire artistar, og konserten skulle gå føre seg i samband med feiringa av Valen sin 70-årsdag 20. mai i år.

Så langt kom han ikkje. Valen døydde i april, men draumen om eit handslag til Kreftforeningen har overlevd og blir no altså realisert på Aadland sitt initiativ.

Det er ikkje lagt opp til førehandssal av billettar, men mange har sagt dei vil koma. Billettane kostar 250 kroner. Og sidan alle utgifter, inkludert annonsering, er sponsa, vil alt gå uavkorta til Kreftforeningen, fortel Steinsland.

Sal av honning

Ikkje nok med det. Arne Valen var mellom mykje anna også ein habil birøktar og mangeårig leiar av Haugaland Birøktarlag. Då han døydde, etterlet han seg ei bikube. Den har blitt tatt hand om at medhjelparar og har gitt ei svært god avkasting, 30 kilo honning, i løpet av denne sesongen. I samband med konserten blir denne honningen å få kjøpt i kulturkyrkja. Også her går inntektene til Kreftforeningen.

– Me vil ta 150 kroner for kvart glas med 250 gram honning. Det er kanskje ein stiv pris, men me trur folk er villige til å betala så mykje på grunn av det gode føremålet, seier Steinsland.

Powered by Labrador CMS