meiningar

Kommunestyrerepresentant Olav Østebø Olsen (SV) skriv i eit lesarinnlegg at han fryktar at kommunestyret vil avslutte samarbeidet om naturmangfaldsplanen. Arkivfoto: Morten Vågset Møller.
Kommunestyrerepresentant Olav Østebø Olsen (SV) skriv i eit lesarinnlegg at han fryktar at kommunestyret vil avslutte samarbeidet om naturmangfaldsplanen.

Unngå skandale – redd naturmangfaldsplanen

Miljødirektoratet løyva tidlegare i år 400.000 kroner til Sveio kommune. Pengane skal gå til å kartlegga den mest verdifulle naturen i kommunen vår – kystlynghei, naturbeitemark, naturskog og regnskog.

Men går det slik fleirtalet av partia i hovudutval teknisk/næring (H, KRF og FRP) no vil, så takkar me høfleg nei til pengane. Dei ønsker nemleg å avslutta arbeidet med kommunen sin naturmangfaldsplan!

Det meiner eg er ein svært dårleg idé.

Fleirtalet ønsker ikkje å «binda opp ressursar» i planen, fordi «naturmangfaldet alt er godt ivareteke gjennom gjeldande lovverk». Men denne grunngjevinga gir ikkje meining.

Det er sant at lovverket uansett stiller krav til kunnskapsgrunnlaget før utbygging av nye område. No kan me få mykje av kunnskapen på staten si rekning. Takkar me då likevel nei, blir kostnaden sendt nedover i plansystemet. Der er det oftast den private framleggsstillaren som må betala. Samstundes blir risikoen for at tiltaka ikkje lar seg gjennomføra større, nettopp fordi den overordna arealplanlegginga har bygd på for dårleg kunnskapsgrunnlag.

Dessverre føyer denne saka seg inn i eit trist mønster i kommunen vår. Anten om det er ved vedtak om å fjerna omsynssonar frå plankart, skjula faglege råd i oversendingar til Statsforvaltaren eller klamra seg fast til mangelfullt utgreidde reguleringsplanar: Gong på gong viser det politiske fleirtalet vårt vilje til å bruka kunnskapsmangel som medviten strategi. Men denne strategien er verken fornuftig eller ansvarleg.

No må formannskapet og kommunestyret snu i tide, og halda fram med arbeidet med naturmangfaldsplanen. Noko anna vil vera ein miljøpolitisk skandale.

Olav Østebø Olsen
kommunestyrerepresentant for SV – Sosialistisk venstreparti

Powered by Labrador CMS