Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
meiningar
Om Sveio barnehage og ansvarleg styring
er grunnsteinen i demokratiet vårt. Det er ikkje alltid enkelt og lett å stikke nasen fram å meine noko i dagens samfunn, noko mange av oss sikkert har kjent på. Aktive politikarar fortener vår takk for tenesta dei gjer, og det kan me nok alle bli flinkare til å hugse på å gi. Like fullt har me innbyggjarar ei demokratisk plikt til å seie frå, når våre ynskjer og forventningar ikkje blir møtt, slik at våre folkevalde kan endre kurs i tide.
Vanlege folk som seier ja til å stille til politisk val
Det var med sjokk og fortviling eg las artikkelen i Vestavind torsdag førre veke, der det kom fram at tre parti vil skrinleggje planane om ny barnehage i Sveio sentrum. All den jobben som er gjort over nærmare 15 år, med kartleggingar, synfaringar, vernerundar og fleire politiske saker, vart plutseleg forgjeves. Forkasta, med eit raskt pennestrøk, attpåtil under påskot av å vere «ansvarleg styring».
Sjølvsagt ynskjer me politikarar som styrer ansvarleg. Som ikkje er redde for å ta dei tøffe avgjerdene, til det beste for kommunen sine innbyggjarar. Dei skal, akkurat som Høgre, KrF og Senterpartiet skriv i sitt lesarbrev, prioritere kommunen sine kjerneoppgåver først. Lovpålagte oppgåver, helst med langsiktig tenking.
Alt handlar om prioriteringar i politikken, og då må me prioritere det som me må ha over det som me ynskjer å ha, samt det som hastar opp mot det som kan vente litt. Ut i frå det perspektivet, er det fleire andre ting på investeringslista som burde kome langt under bygging av ny Sveio barnehage.
Sveio barnehage må totalrehabiliterast og utvidast eller så må det byggjast ny. Dette kan vere vanskeleg å akseptere for alle, sidan bygget vart bygga i 1989, men det er no ein gong slik. Alle desse rapportane og vurderingane er gjort godt reie for i tidlegare sakspapir, så eg oppfordrar våre folkevalde til å lese desse om igjen – grundig.
Eller førre vernerundeprotokoll, for den slags skuld. At 10 millionar kroner skal løyse noko vesentleg, er totalt urealistisk. Snakk berre med vaktmeistrane på bygget, eller andre fagfolk som har føretatt inspeksjonar der. Det ville berre vore å kaste pengar på bålet, for ein vil uansett måtte gjere noko mykje meir drastisk om to år. Kortsiktig tenking utan skikkeleg kunnskapsgrunnlag som ein quick-fix for å få budsjettet i hamn. Dette er det heilt motsette av ansvarleg styring for meg.
Dei tilsette i Sveio barnehage har jobba i ueigna lokale i årevis, med gulerota om ny barnehage dinglande framfor seg. Dei har vore fantastiske, og seier lite utad av frykt for å miste barn til andre barnehagar, men no er det nok. Inneklimaet der er heilt uakseptabelt. Det handlar om trekk frå vindauge, ventilasjon, temperaturregulering og støynivå.
Visste du at i følgje barnehagelisten.no har Sveio barnehage to kvadratmeter mindre per barn enn gjennomsnittet i kommunen. Dei tilsette har ingen møterom, ingen arbeidsrom, berre eit lite pauserom der dei må snakke lågt for at ikkje ungane som søv rett utfor skal vakne. Her har og dei tilsette kontortid med PC-en på fanget, eller møter med føresette. Dei har ingen grupperom til skjerming av barn som har behov for det. Eg trur ikkje folk flest veit kor kritisk det siste punktet her er. Det skal ikkje vere slik, og det kan ikkje vere slik.
Desse tinga kan ikkje løysast med 10 millionar kroner. Det kunne blitt løyst med totalrehabilitering, men det er fleire grunnar til at eit nybygg er den beste, og basert på tidlegare overslag, billigaste løysinga, ettersom det løyser fleire utfordringar på ein gong. Mellom anna er trafikkavviklinga utanfor barnehagen livsfarleg morgon og ettermiddag. Habilitering har behov for meir plass, dei leiger lokalar i dag, og skulle overta arealet for å halde eininga samla. Ikkje minst, kvar skal ein eventuelt gjere av ungane medan ei eventuell omfattande rehabilitering skjer? Og kjem dei tilbake til denne barnehagen etterpå?
Det flotte uteområdet blir jo ofte trekt fram som den viktigaste grunnen til at barnehagen bør bli der den er. Det er skogen som gjer det området unikt, og det er fantastisk. Diverre har trea vekst seg så høge, samtidig som dei står på berget, så dei må uansett ned om kort tid før ein storm gjer det for oss. Då er det få argumenter igjen for å behalde barnehagen der den er.
Dei tilsette og barna i Sveio barnehage fortener betre. Ja, barnetala går jamt ned nokre år, men dei vil snart stige igjen, ifølgje SSB sine framskrivingar. Me treng barnehageplassar der folk bur, og om ein liker det eller ikkje, så er det i sentrale strøk. Dette må våre folkevalde ta inn over seg. Eg håper at eit samla kommunestyre vedtar eit budsjett som inkluderer realisering av ein ny Sveio barnehage, for det er det einaste ansvarlege å gjere!
Leif Sverre Haga
Leiar og hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Sveio