nyhende
Fuglane i fjellet
Dobbeltbekkasin, blåstrupe og boltit; me har mange fuglar som lever både høgt og tett på naturkreftene. No set endringar i klima og landskap stadig fleire av fjellfuglane våre på prøve.
– Dei som har hytte på fjellet, treng kanskje ikkje ei bok med 250 fugleartar. Dei treng ei om fuglane dei kan sjå der dei er. Og så synest eg jo sjølv at det er veldig spennande med fjellfuglar. Den fascinasjonen har eg hatt sidan barndommen, seier fotograf og forfattar Tom Schandy, som står bak eit førtitals bøker om natur, kultur og dyre-og fugleliv.
I den siste, «Fugler i fjellet», har han samla 73 fjellfuglar mellom to permar. Ved å fortelje historiene om dei, håpar han å auke folk si interesse for dei flygande skapningane rundt oss. Ikkje berre fordi dei er vakre og fascinerande kvar for seg, men òg fordi dei saman utgjer eit unikt mangfald. Klimaendringar, utsetting av fisk som et opp krepsdyra i vatnet, jakt og utbyggingar i fjellet har bidrege til at fleire fjellfuglar no er i tilbakegang, fortel den prisvinnande naturfotografen til Nynorsk pressekontor:
– Eg likar å kalle meg naturinfluensar. Eg ønskjer jo å skape engasjement rundt norsk natur, fordi han er i faresona. Hyttebyane gjer til dømes at fjellet skrumpar inn, og endra klekketidspunkt for insekt påverkar i sin tur hekkinga og mattilgangen til fuglane. Alle små inngrep blir til saman store inngrep som går ut over mangfaldet.
Morgonfuglar
Felles for fuglane Schandy omtalar i si siste bok, er at dei alle finst over tregrensa, eller i fjellnære skogar. Kva som er eit «fjell» er likevel relativt, påpeikar han, og minner også om at fuglar me her i Sør-Noreg karakteriserer som fjellfugl, fort kan bli kystfuglar lenger nordover, fordi tregrensa endrar seg.
På denne tida av året er det likevel berre eit fåtal fuglar att i fjellet. Men både fjellrypa, lirypa, jaktfalk, kongeørn, haukugle, ramn og lågskrika er blant artane ein kan vera heldig å få auge på og som ikkje flyg sørover om vinteren.
Mot våren livnast det derimot veldig i li:
–Trekkfuglane kjem attende i løpet av mai, så mai og juni er dei klart beste månadene å sjå fugl på. Då er dei travle med song, reirbygging og hekking. Aller mest liv er det frå klokka fem om morgonen og nokre timar utover, så det løner seg å vera tidleg oppe, tipsar han.
10 over tregrensa
Tom Schandy likar absolutt alle fuglar. Dette er nokre av dei norske fjellfuglane han set aller høgast:
1. Dobbeltbekkasin:
Lever i myrterreng med vier og dvergbjørk frå Telemark til Nordland. Er lista som nær truga. I 2015 vart hekkebestanden rekna for å vera ein stad mellom 10.000 og 30.000 individ.
– I 1974 vart eg tipsa av ein ornitolog om at det kunne vera bekkasinleik på Hardangervidda. Det var eit fascinerande skode. Seinare skreiv eg også masteroppgåva mi om dobbeltbekkasin. Dobbeltbekkasinen har også verdsrekord i rask flyging til trekk. Ein fugl merka i Herjedalen i Sverige flaug 6.800 kilometer til Sentra-Afrika på 3,5 døgn. Då er det ei snitthastigheit på 90 km/t.
2. Snøugle:
Hekkar i dag berre på store, aude fjellvidder i Nord-Noreg, og berre når det er mykje lemen. Det kan difor gå fleire år mellom kvar hekking. Når ho ikkje hekkar, kan området vera heilt tomt for snøugle. Bestanden er rekna som kritisk truga og består av under 100 individ.
– Snøugla er som eit kvitt spøkelse på fjellet. Den siste hekkinga på Hardangervidda skjedde i 1974, og sidan er ho berre observert hekkande i Nordland og Troms og Finnmark. Der var det siste gode hekkeåret i 2015. Eg har sett ho nokre gonger, ho kjem flygande som ein snøball og er svært fascinerande. Ugla bevegar seg over svært store område, så når det ikkje er lemenår i Noreg, kan ho dra tusenvis av kilometer til Sibir for å hekke.
3. Blåstrupe:
Hekkar i bjørkeskog og vierkratt i fjellstrok i Sør- og Nord-Noreg. I nord hekkar han og ved kysten. Er rekna som livskraftig. Den største bestanden tel mellom 250.000 og 500.000 par.
– Når eg dreg til fjells i slutten av mai, gler eg meg alltid til å høyre blåstrupen syngje og sjå mogopen bløme. Det plar skje samstundes. Blåstrupen blir kalla fjellnattergalen fordi han syng så vakkert. Han gjer meg alltid i godt humør. Eg ser han ofte i Hallingdal, slik som på dette biletet, der eg fotograferte han på Golsfjellet med Skogshorn i bakgrunn.
4. Boltit:
Finst i høgfjella over heile landet og ved kysten i Nord-Noreg. Livskraftig art. Den norske bestanden tel mellom 4.000 og 6.750 par.
– Boltiten er fuglen Øystein Sunde syng at ingen bryr seg om. Det er ein enkel fugl, rund som ein ball og veldig tillitsfull og vakker. Det mest spesielle med boltiten, er det omvende kjønnsrollemønsteret. Far tek seg av alle dei heimelege syslane som ruging og å passe på ungar, medan hoa berre parar seg, legg egga og dreg vidare. Hoa er også sterkare farga enn hannen, ulikt dei fleste artar, der hannen ofte er den finaste.
5. Brushane:
Lever i høgareliggjande myrområde over heile landet. Lista som sårbar. Den norske hekkebestanden vart i 2015 rekna til å vera mellom 2.060 og 3.420 individ.
– Dette er fjellets jålete riddar. Hannane har ulike og høge fjørkragar på hovudet og vorter i andletet som tiltrekkjer seg hoene. Dei lagar ikkje lyd, men slåst for å forsvare territoria sine. Blant dei finn me og «satellittane», hannar som ikkje har noko territorium. Desse er kvite og slåst aldri, men snik seg til paring medan dei andre hannane slåst. Prisen for å få vera med, er at dei må la seg undertrykkje av dei andre hannane, som gjerne står og vaktar over dei medan dei ligg på bakken. I tillegg finst det også hannar som ser ut som høner. Dei trippar også rundt i utkanten medan dei andre hannane slåst, og kan endå lettare snike seg til paringar.
6. Fjellvåk:
Livskraftig rovfugl i haukefamilien. Bestanden varierer mellom 2.000 og 5.000 par, avhengig av smågnagarbestanden.
– Fjellvåken heldt til i bratte fjell og steinurer og lever av gnagarar og mus. Han hekkar berre kvart fjerde år. Det merkar du om du nærmar deg eit reir. Då blir han fort aggressiv og tek til å skrike og stupe mot deg.
7. Ringtrost:
Hekkar i berglendte fjellstrok over heile landet, og også ved kysten på Vestlandet og i Nord-Noreg. Rekna som livskraftig. Bestanden er rekna til mellom 10.000 og 50.000 par.
– Ringtrosten ser ut som ein svarttrost, men har i tillegg ein kvit ring rundt halsen. Han er nok den minst kjende trosten me har. Eg ser han ikkje så ofte, men det er ein veldig fin fugl, og han dukkar gjerne opp der det er litt ulendt med mykje ur og stein.
8. Lappsporv:
Finst på opne fjellvidder med myr og spreidd vier frå Setesdalsheiane til Hardangervidda, men er mest vanleg i Nord-Noreg. Er raudlista og sterkt truga. I 2015 vart bestanden rekna til å vera 100.000 og 200.000 par, og har truleg gått attende etter dette. Ein studie av eit område på Hardangervidda viste 85 prosent reduksjon i hekkebestanden frå 1980 til rundt 2010.
– Lappsporven er ein liten og vakker fugl som dessverre er i ferd med å forsvinne frå Noreg. Tidlegare såg eg han overalt, men under ein tur på Hardangervidda for nokre år sidan, observerte eg berre nokre få eksemplar.
9. Lirype:
Held til i vier- og bjørkebeltet over heile landet og på øyer langsmed kysten. Livskraftig. I 2015 vart bestanden rekna for å liggje på mellom 150.000-200.000 par.
– Det er alltid spennande med ryper, det er jo litt storleik på dei, og lirypa lagar mykje liv i fjellet i april-mai. Lirypa har ein snakkelyd som lagar eit fint lydbilete. Ofte kan rypa halde litt leven på natta, og då er det gjerne hannen som kurtiserer og vaktar territoriet sitt. Då set han stjerten i vêret og spreier ut fjøra. Jo større territorium, jo høgare kroppsvekt har dei ofte, og jo meir interessante er dei for hønene. Det er ein slags parallell til «Jakten på kjærligheten» det der.
10: Temminicksnipe:
Vår minste vadefugl. Lever i karrige strok frå Hardangervidda til Finnmark. Bestanden er livskraftig og tel 1.700–5.000 par.
– Temmincksnipa bryt med alt me er vane med. Ho har to kull med ungar samstundes. Først parar ho seg med ein hann og legg eit kull som hannen må ruge og ta seg av. Så parer ho seg med ein annan og rugar fram kullet sjølv. Det spesielle systemet doblar sjansane for å få fram avkom i løpet av ein hekkesesong.