nyhende
Vestavind feira 40 år med kake, kaffi og talar
Fire tiår etter første utgåve kom ut, inviterte Vestavind til jubileumfest i redaksjonslokala fredag. Markeringa vart ei feiring av avisa, og av historia som ligg bak 40 år med lokaljournalistikk.
Til jubileet på sjølve 40-årsdagen kom både tidlegare medarbeidarar og lesarar som følgjer avisa. Ein heil del av dei hadde vore med sidan starten. Fleire tok ordet og heldt tale, anten for å dele gode historiar frå tidlegare år eller for å understreka kor viktig det er at Sveio har ei lokalavis.
– Torsdagen er noko eige
Ordførar André Mundal Haukås peika på kor fast avisa har vore i kvardagen til mange.
– Torsdagen er noko eige for oss sveibuar. Det er dagen papiravisa til Vestavind kjem ut, og mange har visst at ei ny utgåve med lokale nyhende og historiar ventar i postkassa, sa han.
Samstundes som han rosa arbeidet med nettavisa som kjem med ferske nyhende kvar dag.
Gleda over at avisa har bestått
Eit sentralt innslag under jubileet var då Alf Edvin Hovda, mannen bak ideen om å starte ei lokalavis i Sveio, tok ordet. Han gav uttrykk for stor glede over at avisa har halde fram i 40 år, og løfta fram Vestavind som ein viktig bidragsytar til samhald i Sveio kommune.
I samband med markeringa stod han også for ei overrekking til dagens medarbeidarar, der eit kunstverk av den lokale kunstnaren Johnny Hansen vart gitt som ei helsing og ei påminning om røtene til avisa i Bua.
Kaffiprat og jubileumskake
Lokala var pynta for høvet, og gjestene kom inn på raud løpar. Praten gjekk lett rundt borda mellom kaffikoppar og kakestykke. Jubilleumsdagen vart ei feiring av avisa og av alle som har bidrege til Vestavind gjennom 40 år.
Me i Vestavind takkar for alle helsingar, blomar og gåver!
Sjå bileta frå feiringa: