Ledig stilling

Marknadsansvarleg i Vestavind (Vikariat)

Grunna permisjon, søkjer me nå etter nokon som kan fylle vikariatet som marknadsansvarleg frå januar – september 2021, med opplæring i forkant.

Jobben famnar om mykje, men går i hovudsak ut på å ha dialog med næringslivet rundt oss, vera ein støttespelar og finna gode løysingar for kampanjar, annonsering og liknande i samarbeid med verksemdene. Jobben inneber også ansvar for abonnentane våre.

Kontora våre er i trivelege lokale midt i Sveio sentrum. Kontortid er frå 8-15.30, men arbeidstida er til dels fleksibel. Lønn og pensjonsordningar etter avtale.

Gode norsk- og datakunnskapar er eit krav, me brukar Adobe-program på Mac. Kompetanse innafor grafisk, SoMe og nynorsk eit stort pluss. Du bør ha førarkort og disponera bil.

Marknadsansvarleg har budsjettansvar for både annonse- og abonnementsinntekter.

Søknad og CV kan sendast til susanne@vestavind-sveio.no snarast.
Tiltreding frå januar 2021, men opplæring må skje i desember.

Lurer du på noko?
Ta kontakt med dagleg leiar Susanne Lie Vallestad, på tlf. 459 01 272.