Om Vestavind

Vestavind er ei uavhengig lokalavis for Sveio i Vestland fylke. Avisa blei stifta i 1986, er på nynorsk og har utgåve ein gong i veka. Det er for tida tre fulle stillingar i avisa: redaktør/dagleg leiar, journalist og marknadsansvarleg.

I Vestavind er me eit positivt team som er opptatt av det som skjer rundt oss, både lite og stort. Me jobbar for å tilby eit godt produkt både for lesarar og annonsørar, og ser på lokalavisa som eit viktig informasjonsorgan for heile kommunen. I tillegg til Vestavind som kjem ut kvar torsdag (minus dei fire vekene i året me har ferie), gir me alltid ut Sommarvind i mai/juni.

Iris Elin Ullvang
frå Tysvær starta hos oss mai 2019. Ho er fungerande redaktør og dagleg leiar for Irene Flatnes Haldin, som gjekk ut i permisjon i juni 2019.

Kari Haukås
vår trufaste journalist sidan 2006.

Susanne Lie Vallestad
begynte å jobba hos oss 1. august 2019, som marknadsansvarleg. Ho er og ansvarleg for abonnement.

Irene Flatnes Haldin
er dagleg leiar og redaktør. Ho har jobba i Vestavind sidan slutten av 2011.

Kari, Iris og Susanne

Kari, Iris og Susanne

Kontoret er i Sveio sentrum, Sveiogata 72. Du går inn på oppsida.

Postadresse:
Vestavind
PB. 53
5559 Sveio

Org. nr. 943949670