Ledig stilling

Er du vår nye marknadsansvarlege?

6. mai 2019

Vestavind har vore lokalavisa for Sveio i 33 år, med utgåve kvar veke. Det er for tida tre fulle stillingar i avisa – journalist, marknadsansvarleg og redaktør/dagleg leiar.
I Vestavind er me eit positivt team som er opptatt av det som skjer rundt oss. Me jobbar for å tilby eit godt produkt både for lesarar og annonsørar, og ser på lokalavisa som eit viktig informasjonsorgan for heile kommunen. Sidan vår dyktige marknadsansvarlege har fått ny jobb, søkjer me hans etterkomar.

Jobben famnar om mykje, men går i hovudsak ut på å ha dialog med næringslivet rundt oss, vera ein støttespelar og finna gode løysingar for kampanjar, annonsering og liknande i samarbeid med verksemdene. Jobben inneber også ansvar for abonnentane våre.

Me søkjer ein person som også er opptatt av framtida til Vestavind, som kan vidareføra etablerte løysingar, og ta initiativ til nye. Vår nye medarbeidar vil bli sentral i arbeidet med å løfta avisa inn i den digitale framtida.

Kontora våre er i trivelege lokale midt i Sveio sentrum. Kontortid er frå 8-15.30, men arbeidstida er til dels fleksibel. Lønn og pensjonsordningar etter avtale.

Gode norsk- og datakunnskapar er eit krav, me brukar Adobe-program på Mac. Kompetanse innafor grafisk, SoMe og nynorsk eit stort pluss. Du bør ha førarkort og disponera bil.

Marknadsansvarleg har budsjettansvar for både annonse- og abonnementsinntekter.

Søknad og CV sendast til redaksjonen@vestavind-sveio.no innan 20. mai 2019.

Tiltreding er ønskjeleg snarast grunna opplæring.

Lurer du på noko? Ta kontakt med dagleg leiar Irene Flatnes Haldin, på tlf. 459 01 270 eller marknadsansvarleg André Mundal Haukås, tlf. 459 01 272.