Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen delte ut kake til lesarane.
Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen delte ut kake til lesarane. FOTO: Frida Hovland Jepsen

Varaordføraren: – No skal eg også ha abonnement

Torsdag kveld blei nettavisa til Vestavind lansert. – Eg har venta på denne moderniseringa ei stund no, seier varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen.

Vestavind har vore Sveio si lokalavis sidan 1986. Det starta med éit enkelt ark i veka. No som avisa har utvida til nye flater vil sveibuen kunne få nyhende levert både i postkassa og på nett!

På tide med modernisering

Varaordførar i Sveio kommune, Ruth Grethe Østebøvik Eriksen, er glad for at avisa no er på nett. Ho nølte ikkje med å sei ja til å sei nokre ord på lanseringsfesten torsdag kveld.
– Eg er svært begeistra for den nye nettavisa. Eg har venta på denne moderniseringa ei stund, og no skal eg også ha abonnement på Vestavind. Eg skal ikkje leggja skjul på at eg ikkje har ført avisa i heimen, men endeleg kjem den her også, seier Østebøvik Eriksen med eit stort smil om munnen.

Ho er ikkje bekymra for at innføringa av nettavis vil gå på bekostning av papirutgåva.

– Nei, det er eg ikkje. Papiravisa kjem til å vere til stades i mange år til, men ein dag vil nok teknologien ta over. Alt kjem med tida. Verda blir modernisert, og det sama gjer nyheita. Viss vi skal tenkje på miljøet, så er også nettavis meir miljøvenleg enn papirutgåva, påpeiker ho.

Eg er svært begeistra for den nye nettavisa.

Varaordføraren tenkjer at nettavisa hovudsakelig vil vera ein positiv ting for kommunen.

– Først av alt, så vil Vestavind no vera enda meir tilgjengeleg. Me vil kunne få nyhende meir enn ein gong i veka, og dette vil gjer at me i kommunen kan halde oss oppdaterte på det som skjer. I tillegg til dette, så vil også sveibuar som har flytta til andre plassar, kunne følgje med på kva som skjer her i Sveio. Sidan avisa no kan dele nyhende raskare, og oftare, vil dette trekkje til seg folk. Det vil trekkje til seg abonnentar for avisa, men også ut her, til Sveio. Forhåpentlegvis vil avisa nå ut til eldre, men også til yngre lesarar.

– Alt i alt, så gler eg meg, og kan berre sjå at det no går oppover, avsluttar Østebøvik Eriksen.

Arne Valen i samtale med Anna Børve Aase på lanseringsfesten. Foto: Frida Hovland Jepsen

Skreiv lesarinnlegg om nettavis

Arne Valen flytta til Sveio i 2011, og har plass i kommunestyret. Han har blitt omtalt som ein Sveiopatriot. Han hadde også tatt turen til lanseringsfesten.

Han etterlyste nettavis i eit lesarinnlegg i Vestavind seinast i desember 2019.

– Dette er stort både for avisa og oss i kommunen. Eg gler meg til å følgje med på utviklinga, og spesielt få nyhende oftare! Eg har jo venta på denne dagen i lang tid no, og har skrive fleire lesarinlegg i avisa om dette her. No er nettavisa kome, og eg kunne ikkje vore meir fornøgd.

Han håpar avisa vil skriva meir om ungdom.

– No som nettavisa har kome, vil me få ferske nyhende. Dette vil forhåpentlegvis trekkje til seg fleire folk. Me vil jo gjerne ha fleire ungdomar til å lese, og følgje med på nyhende, men for dette treng avisa å skrive ting som interesserar unge. Om dei skriv om ulike arrangement, fritidsaktiviteter, eller om det er ungdomar sjølv som send inn ulike bidrag, så vil det gjere ein stor forskjell, seier Valen.

Valen etterlyser også meir engasjement blant sveibuen, spesielt ungdomen, og håpar dei vil skriva lesarinnlegg.

– Eg vil oppfordra alle sveibuar til å abonnera på enten, nettavis, papiravis eller begge deler. Eg oppfordrar også ungdommane til å vera meir aktive. Har du ei sterk meining om noko, så send det inn som eit lesarinnlegg!

Sjå bilder og video frå lanseringsfesten:

Godt oppmøte

Monica Thorsen er nok mest kjent for folk som programleiar for Radio 102, men ho er også styreleiar for Haugesund journalistlag. Ho hadde tatt med seg styret i journalistlaget til lanseringsfesten.

– Det er så kjekt at så mange møter opp. Det viser interesse for det som skjer, spesielt her i bygda. Når slike ting som dette skjer, er det alltid spanande og sjå kor mange som møter opp. Det blir spanande å følgje med på korleis dette går.

Thorsen trur nettavisa kan vera eit bra supplement for avisa.

– Det å gå frå papiravis, til å også få nettavis er veldig spanande. Ein er aldri 100 prosent sikker kva som skjer. Eg håper jo at avisa vil trekkje til seg fleire folk, både yngre og eldre. Eg kjenner jo ikkje til lesarane til Vestavind, og veit ikkje kva alder dei er i, eller kva dei likar, men eg håpar og trur at dette vil gå den rette vegen.