Ølen Betong i Mølstervåg har god lagringsplass til ferdige produkt om leveringane skulle bli forseinka.
Ølen Betong i Mølstervåg har god lagringsplass til ferdige produkt om leveringane skulle bli forseinka. FOTO: Ellen Marie Hagevik

Full produksjon i Mølstrevåg

Ved Ølen Betong sin fabrikk i Mølstrevåg går produksjonen av betongelement omtrent som normalt, trass i koronakrisa.

 

– Sjukefråværet er noko høgare enn normalt. Arbeidet går likevel greit så langt, seier dagleg leiar i Ølen Betong, Lars Norekvål, til Vestavind.

Betongfabrikken i Mølstrevåg er ein av dei største arbeidsplassane i Sveio, med 28 tilsette. Norekvål fortel at dei arbeider med langsiktige oppdrag og har god lagringsplass til ferdige produkt om leveringane skulle bli forseinka.

Kraftig auke i talet på arbeidsledige

Det som på litt sikt kan bli avgjerande for verksemda i Mølstrevåg, er tilgangen på råstoff. Det gjeld sement og, ikkje minst, armeringsmateriale.

– Me har sikra oss godt på dette feltet også. Produksjonen kan haldast oppe på dagens nivå i alle fall til ei god stund over påske, seier Norekvål.